Sjølvmordsforsøk blir etterfølgt av skam

Siluetten av ein person som går mellom mørke tre og skya himmel i bakgrunnen.

«Eg trur det er fleire som tenkjer det same som meg, at det er pysete å gjera det. At du er verkeleg «a looser» – ein tapar, viss du prøver å ta ditt eige liv.»

Slik beskriv ein vaksen mann kva han tenkte om sjølvmordsforsøket i ettertid.

Han er ein av ti personar som forskar May Vatne ved OsloMet – storbyuniversitetet har djupneintervjua om kva dei tenkjer om sjølvmordsforsøket dei har overlevd.

Mannen, som er ektefelle og far til to ungdommar, sleit med skam over å ikkje meistra livet og i tillegg ha mislykkast med å avslutta det. Under intervjua nokre veker seinare uttrykte han at han er «sjeleglad» for at han hadde overlevd.

Portrett May Vatne

Opplevast som krenkjande

Korleis sjølvmordsforsøket blir forstått av helsepersonell og andre i omgivnadene, kan ha noko å seia for opplevinga til personen av skam, konkluderer Vatne i studien sin.

– Når den einaste moglegheita du ser, er å avslutta livet, og det blir oppfatta som noko du berre gjorde for å få merksemd, opplevast det som krenkjande, seier ho.

– Eit sjølvmordsforsøk som utanfrå sett kan verka impulsivt og mindre alvorleg, kan ha utgangspunkt i ein lengre prosess der tankar om sjølvmord etter kvart utviklar seg til eit medvite ønske om å døy. På eit tidspunkt opplevast situasjonen uuthaldeleg.
Slik familiemannen sa:

«Eg tenkte at no orkar eg ikkje meir, nei, dette her …, no orkar eg ikkje meir».

Studien viser kor viktig det er at fagpersonar høyrer meir på kva pasienten sjølv seier, og ser situasjonen frå deira side. Eit døme er å snakka med pasienten om både sjølvmordsfare og kva som kan gjera livet verd å leva. 

– Berre då kan me få ei meir heilskapleg forståing av situasjonen og i samarbeid finne fram til kva som kan styrkja håpet og livskrafta til den enkelte, meiner ho.

Skamma over å ikkje meistra livet

Seks menn og fire kvinner i alderen 21 til 52 år vart intervjua av Vatne. Alle hadde teke overdose med medikament. Dei uttrykte at dei eigentleg ønskte å leva, samtidig som dei poengterte at handlinga dei utførte hadde til hensikt å avslutta livet. Dødsønsket var sjølve drivkrafta bak sjølvmordsforsøket.

Ein mann brukte eit narkotisk stoff kombinert med medikament og kontakta fastlegen etter fire mislykka forsøk. Tre intervjupersonar avbraut sjølvmordsforsøket ved å varsla andre, fem personar vart funne av familie og venner som kontakta hjelpeapparatet, og ein vart forhindra frå å gjennomføra ein alvorleg sjølvmordsplan ved tvangsinnlegging.

Vatne fortel om menneske som har kjempa med suicidale tankar over tid – ofte i djup einsemd. Eins eigne og oppfatninga til andre av sjølvmordstankar som unormale kan bidra til at mange held sjølvmordstankane for seg sjølv. Det å søkja hjelp kan i seg sjølv opplevast skamfullt.

Deltakarane snakka om skamma over å ikkje meistra livet, og også over å ha prøvd å ta sitt eige liv, men at dei hadde «feiga ut» ved å varsla andre om overdosen dei hadde teke.  

– Tap av rolle i arbeids- og familieliv kan utløysa ei intens kjensle av skam og verdiløyse, forklarer forskaren.

Ho trur at ei opnare haldning der helsepersonell utforskar sjølvmordsforsøket som ein normal reaksjon på ein uuthaldeleg livssituasjon, kan gjera sjølvmordstemaet lettare å snakka om og bidra til at terskelen for å be om hjelp i tide, blir mindre.

Saknar å få snakka om sjølvmordsforsøket

Høye sjølvmordstal er eit stort samfunnsproblem i Noreg.

– Men framleis er det lite kunnskap basert på dei som har overlevd sjølvmordsforsøk, seier Vatne.
Ifølgje Folkehelseinstituttet varierer tala på sjølvmordsforsøk mellom 4000 og 6000 årleg, men ettersom feltet er lite forska på, er tala usikre. Ein del ulykker kan til dømes vera skjulte sjølvmord.

– Det er viktig å få dela vanskelege tankar og kjensler med nokon. Ved å snakka om det i livet som har auka presset, kan den uuthaldelege psykiske smerta lindrast, påpeikar ho.

Fleire av personane som Vatne intervjua, hadde likevel aldri snakket med nokon om det som skjedde. Ikkje med familie, fastlege eller andre.

Mannen det er referert til i starten av artikkelen, snakka lite med kona om det som hadde skjedd, men ho var kjend med hendinga sidan det var ho som fann han etter overdosen. Venner og kollegaer fekk ikkje vita at han hadde prøvd å ta sitt eige liv. I tillegg til skam, sleit denne mannen med sterk skuldkjensle overfor familien på grunn av den smerta han hadde påført dei.

For han hjelpte det at dei vart innkalla til samtale med behandlarane. Han beskriv korleis dei får gitt uttrykk for fortvilinga og uroa si og opplever at dei blir forstått, og korleis kommunikasjonen i familien betrar seg etter berre denne eine samtalen.

– Sjølv om deltakarane skammar seg over sjølvmordsforsøket og det er vanskeleg å snakka om, så uttrykkjer dei likevel eit sakn etter å snakka om den traumatiske hendinga. Nokon uttrykte etter intervjuet at samtalen med meg nettopp var ei hjelp til å forstå det som hende og setja det inn i ein samanheng i eige liv, fortel Vatne.

Slit med frykt

Deltakarane i studien beskreiv ulike kjensler ved tankar om framtida. Noko av det som kom mest fram var uroa og frykta for at sjølvmordstanken igjen skulle ta overhand. For somme var frykta knytt til å leva med ei psykisk liding, og kunnskapen dei sat med om sjølvmordsrisiko knytt til denne. Tidlegare sjølvmordsforsøk blir rekna som ein sentral risikofaktor.

Ein mannleg deltakar reflekterte over si frykt for å komma i ein liknande situasjon der han på nytt ville «mista all styring» og gjenta sjølvmordsforsøket. Han sa:

«Etter kva eg gjorde, så er eg litt skeptisk og litt småengsteleg – for kan det skje igjen?»

Og fleire stilte seg dette spørsmålet under samtalane med Vatne. Ei kvinne som sleit mykje med denne frykta, særleg fordi ho hadde gjort eit tidlegare forsøk på å avslutta livet i ein tidlegare fase i livet, sa dette:

«Eg veit aldri når eg kjem i ein sånn situasjon igjen der ting rasar rundt meg. Når eg først har gjort det der ein gong, så er det veldig skremmande, at eg verkeleg kunne gjera noko sånt. Eg trur alt er lettare, eg, viss du først har gjort det ein gong, så kan du gjera det fleire gonger.»

Forskaren trur at gjennom det å invitera til å snakka om sjølvmordsforsøket, om det som skjedde i forkant, og òg om tankar vedrørande framtid, så kan denne typa frykt komma fram. Likevel kan det vera til god hjelp.

– Å bli medvite den delen i seg som ønskjer å leva, sjølv om tanken på sjølvmord framleis er ei moglegheit, kan forståast som eit viktig vendepunkt for å snu energien mot livet. Dei må få tak i si eiga drivkraft, og det er difor veldig viktig å ha nokon å vera i dialog med, seier Vatne.

Referanse

Vatne, May Elise; Nåden, Dagfinn (2018). Eg ville døy, men er jo glad eg lever - Ein studie av pasientars refleksjonar etter sjølvmordsforsøk. Tidsskrift for psykisk helsearbeid. Vol. 15 (idunn.no).

Denne saka vart opphavleg publisert på hioa.no 31. juli 2018.

Kontakt

Laster inn ...
Forskningsartikkel av:
Fakultet for helsevitenskap (HV)
Publisert: 03.09.2018
Sist oppdatert: 12.07.2023
Tekst: Sonja Balci
Foto: Sara Johannessen / Scanpix, Sonja Balci

Relatert forsking

Fotgjengere i en by
Slik skal byene få mer liv i sentrum

Flere norske byer har de siste tiårene gjennomgått transformasjoner som har resultert i sentrumsdød.

Portrett Kristian Heggebø i skinnjakke utendørs
Solidaritet i Europa: – Det er et nokså dystert bilde som tegner seg

– Det er åpenbart at det brede lag i veldig mange europeiske land er bekymret for innvandring, sier NOVA-forsker Kristian Heggebø.

Ung kvinne smiler mens hun ser på klær.
Unge mest skeptisk til gjenbruk

En ny undersøkelse viser at flere unge folk ikke liker å bruke andres gamle ting.

Ungdom som tar selfie
Jo fleire selfies, desto meir kjøper du

Gjennom selfies påverkar ungdom kvarandre til å kjøpa endå meir.

Stetoskop
Brukar meir ressursar på pasientar med høg utdanning

Alvorleg sjuke pasientar med høg utdanning får meir hjelp ved norske sjukehus enn pasientar med låg utdanning.

Eldre kvinne med rullator sittende i en gang
Får ikke nødvendig trening på sykehjem

De fleste sykehjemsbeboere lever et passivt liv.