– Eg vil at elevane skal forstå klimaendringane på ein djupare, meir konkret måte, som vekkjer meir følelsar, seier Demirbacak.
I september kom Deniz Atal Demirbacak frå Ankara University i Tyrkia til Norge gjennom Marie Skłodowska-Curie Actions Postdoctoral Fellowship-initiativet (ansatt.oslomet.no). Etter to månader med å handtere det praktiske ved å flytte til eit heilt nytt land, saman med mann og barn, er ho klar for å dykke ned i forskinga.
Dei neste to åra skal ho forske på korleis bruk av VR i undervisning kan auke elevar på ungdomsskulen sin evne til å forstå klimaendringane og inspirere dei til å iverksette tiltak.
Designar opplevingar for å vekke følelsar
For å få til det skal ho designe VR-opplevingar som får brukaren, i dette tilfellet eleven, til å både sjå, høyre, og av og til påverke, i miljø som er berørt av klimaendringane. Det skal også vere mogleg å vise eleven korleis deira eigne handlingar kan påverke, på godt og vondt.
– VR er eit kraftfullt verktøy, fordi det tek med eleven direkte inn i situasjonen. Opplevinga fangar merksemda deira, reduserer distraksjonar og hjelper dei å skape følelsesmessige band til innhaldet. Her kan dei observere årsak og verknad på ein måte som lærebøker og videoar ikkje klarar, seier ho.
Deniz Atal Demirbacak si forsking skal inspirere ungdomsskuleelevar til handling. Foto: Sonja Balci
– Må virke i eit ekte klasserom
For å få eit verktøy som er nyttig i undervisning, skal ho intervjue lærarar og elevar, i tillegg til ekspertar på VR. For Deniz er det viktig at eit slikt verktøy er pedagogisk relevant, meiningsfullt og i tråd med læreplanen, i tillegg til at det faktisk er nyttig i eit klasserom.
– Målet er at scenarioa vi brukar i verktøyet er tilpasningsdyktige scenario som er mogleg å bruke og endre lenge etter at prosjektet er ferdig. Eg ønskjer også at lærarane skal lære verktøyet, slik at dei sjølve kan bygge scenario som er relevante i framtida, seier ho.
– Eg vil at elevane skal spørje: Kvifor skjer dette?
Forskaren sitt store mål er ikkje berre å hjelpe elevar med å forstå klimaendringane, men å få ei følelsesmessig tilknyting som gjer at dei reflekterer over sine eigne liv, forstår relevansen og ønskjer å finne løysingar på problema.
– Eg vil at dei skal endre tankegangen frå at «klimaet endrar seg» til å tenkje på kvifor det skjer, korleis det påverkar dei og korleis dei sjølve kan gjere noko for å stoppe den negative utviklinga, seier ho.
Men korleis skal det gjerast? Har dagens lærarar høg nok digital kompetanse til å handtere slike verktøy på eiga hand?
Ikkje eit problem, seier Demirbacak.
– Ein av dei sterke aspekta til dette prosjektet er at vi skal benytte oss av eit nettbasert VR-designmiljø. Eg skal skape eit miljø basert på lærarane og elevane sine reelle problem og behov. Eg vil også få kontinuerlege tilbakemeldingar frå VR-ekspertar og kjem til å bruke tid på CICERO, senter for klimaforskning, for å få hjelp til å utvikle ulike scenario, seier ho.
Det betyr at lærarar som skal bruke verktøyet ikkje treng å kunne programmering for å skape eller endre materiale. Lærarane kan, med litt opplæring, sjølve utforske, endre eller bygge læringaktivitetar direkte i brukarvennlege grensesnitt, utan tekniske barrierar.
– Eg føler eit sterkt ansvar i rolla mi som forskar, og vil fullføre dette arbeidet som eit positivt bidrag til både utdanning og klimabevisstheit, avsluttar ho.