English version

Jodstatus i ulike populasjonsgrupper

Dette prosjektet har som overordna mål å undersøkja jodstatus i sårbare grupper i befolkninga som barn, unge kvinner, veganere, gravide, ammande og eldre.

Jod er eit essensielt mikronæringsstoff som inngår i produksjonen av stoffskiftehormona. Inntaket av næringsstoffet jod er urovekkjande lågt i delar av befolkninga i Noreg. 

Jodmangel kan derfor få negative konsekvensar, både for kvinner si eiga helse, inkludert reproduktiv helse, og for utviklinga til dei framtidige barna deira. 

Studiane i dette prosjektet stadfestar at utilstrekkeleg jodinntak er utbreidd blant kvinner i fertil alder, gravide, ammande, spedbarn som vert fullamma, eldre, veganarar og vegetarianarar. 

Det er få jodkilder i kosten, og personar som utelèt eller har lågt inntak av mjølk og mager fisk er spesielt utsette. 

I dette prosjektet er det publisert ni artiklar, og tre artiklar er under utarbeiding.

  • Deltakarar

    Laster inn ...
  • Samarbeidspartnarar

    • Folkehelseinstituttet
    • Havforskningsinstituttet
    • Universitet i Agder
    • Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU)

Relatert forsking

Nyheiter frå prosjektet

Notater om matlaging i perm og en penn som ligger oppå et av arkene.
Unge kvinner får i seg for lite jod

Hver tredje unge kvinne har kritisk lave jodnivåer.

Frokosttallerken
Gravide og ammande i Noreg får i seg for lite jod

Heile åtte av ti gravide et for lite mat med jod, viser ny studie frå OsloMet.

Glad kvinn og mann spiser vegetarianerrett.
Hele ni av ti vegetarianere sier det er enkelt å si nei til kjøtt

Kun fem prosent mener det er vanskelig å være vegetarianer, ifølge ny studie.