Ung i Distrikts-Norge

Dette prosjektet undersøkjer korleis ungdomslivet fortonar seg i dei minst sentrale områda i Norge.

Noreg er eit vidstrekt land med store geografiske variasjonar. Kontrastane kan verke store mellom ein oppvekst i grisgrendte strøk på landsbygda, ei fjellbygd eller i eit fiskevêr og ein oppvekst i dei tettast folkesette byområda.

Samtidig har Internett bidrege til å bryte ned geografiske barrierar, slik at tilgangen til forbruksvarer og kunnskap om kva som gjeld i ungdomskulturane er langt mindre enn for nokre tiår tilbake.

Korleis fortonar ungdomslivet seg i dei minst sentrale områda i Noreg? Er det skilnad på å vere ung i Distrikts-Norge samanlikna med andre stader? Og kva består i tilfelle skilnadene av? 

To fasar

Forskingsprosjektet er organisert i to ulike fasar. Medan fase 1 utgjer ein beskrivande del med fokus på å få oversikt, utgjer fase 2 ein meir forklarande og analytisk del der vi går i djupna på nokre sentrale spørsmål.

Den første fasen handlar om å få fram ei statistisk oversikt og beskriving av korleis ungdom i Distrikts-Norge og andre delar av landet opplever seg sjølv, livssituasjonen og livskvaliteten sin, og kva dei driv med i fritida.

Her vil vi analysere kva slags livskvalitet ungdom på ulike stader opplever at dei har, kva slags relasjonar til dei har til familie, vener, skule og lokalmiljøet, og kva fritidsaktivitetar dei driv med – både organiserte og uorganiserte. 

I den andre fasen vil vi analysere vidare på det utfordringsbiletet som blir avdekt gjennom fase 1. Målet er å få svar på nokre av dei kvifor-spørsmåla som naturleg vil reise seg etter at dei statistiske analysane i fase 1 ligg føre, og vil trekkje vekslar på både det kvalitative og det kvantitative datamaterialet. 

Metode

Prosjektet vil ta i bruk statistiske og kvalitative metodar. Vi tek i bruk data frå spørjeundersøkinga Ungdata (ungdata.no) og kvalitative intervjudata med ungdom som deltek i den store longitudinelle kvalitative undersøkinga Ungdom i endring

Aktuelt frå prosjektet

Jente sitter på autovernet i landlig strøk og spiser en is.
Overraskende funn om ungdommers liv på bygda

NOVA-forskere har undersøkt hvordan ungdom i distriktene har det.

Illustrasjonsbilde av ungdommer som sitter i et rom.
Ungdomslivet på bygda og i byene er overraskende likt

Det er små forskjeller mellom ungdomslivet i distriktene og i sentrale strøk, ifølge nye tall fra Ungdata-undersøkelsen.