Denne behandlinga gav mindre smerter og betre mental helse

Pasient og fysioterapeut under ei behandling.

Opplevingar me har hatt gjennom livet, set sine spor i kroppen. Traumatiske hendingar, sjukdom eller langvarige belastningar påverkar kroppen. Dette kan gjera oss meir anstrengde og over tid kunne gi symptom som hovudverk, svimmelheit, smerter i muskulatur og trøyttleikskjensle.

Samanlikna med tradisjonell fysioterapi, handlar psykomotorisk fysioterapi meir om at kroppen blir forstått som eit fysisk, psykisk og sosialt fenomen, som ikkje kan lausrivast frå kvarandre. Den psykomotoriske fysioterapeuten tilpassar behandlinga ut i frå ei heilskapleg forståing knytt til pust, muskulatur, spenningsmønster, kroppshaldning, emosjonelle og fysiske belastningar.

Bilde utendørs på campus, sittende, Cecilie Fromholt Olsen, Astrid Bergland og Kirsten Ekerholt

Cecilie Fromholt Olsen, Astrid Bergland og Kirsten Ekerholt ved OsloMet. Foto: Sonja Balci

Metoden omfattar massasje, øvingar og samtale. Registrering av reaksjonar som til dømes hjartebank, sveitte eller kvalme inngår òg i den psykomotoriske undersøkinga og behandlinga. Desse reaksjonane kan, til liks med pustemønster og muskulære spenningar, fortelja noko om stressnivået til pasienten.  

Kan dempa smertetrykket

– Når du slit med smerter, kan det dominera store delar av livet ditt. Det å gå med konstante smerter er veldig tappande. Eit viktig funn i denne studien viser at psykomotorisk fysioterapi kan dempa smertetrykket.  

Det seier førstelektor Kirsten Ekerholt ved Institutt for fysioterapi på OsloMet. Ho er ein av tre forskarar bak den første publiserte effektstudien som er gjord i Noreg knytt til psykomotorisk fysioterapi.

Funna i studien viser at pasientane som hadde fått behandling i eit halvt år, fekk betre livskvalitet. Smertene dei sleit med vart mindre. Samtidig fekk dei betre mental helse og vart meir sosiale og vitale.

Slit med stress

105 pasientar frå heile Noreg deltok i studien. Mange sleit med muskel- og skjelettplager, hovudverk og kvalme. Dei var òg i større grad sjukmelde og arbeidssøkjande enn befolkninga elles.

Professor Astrid Bergland, førstelektor Kirsten Ekerholt og stipendiat Cecilie Fromholt Olsen ved OsloMet, som er forskarane bak studien, påpeikar at psykomotorisk fysioterapi vanlegvis ikkje er første behandlingstilbod. Pasientane har oftast prøvd ulik behandling tidlegare.

– Dei fysioterapeutane som jobbar med psykomotorisk fysioterapi, behandlar menneske som har mykje plager og ofte slit med mykje stress, det viser funna våre. Pasientane som vart med i studien, oppgav til dømes å ha langt fleire muskel- og skjelettplager, problem med søvn, trøyttleik og angst enn normalbefolkninga, seier Astrid Bergland.

– Dette er fysioterapi som trekkjer inn det livet du lever og har levd. Du lagar deg dei kroppslege mønstera dine. Og viss du over lang tid har fått eit uheldig vanemønster, så vil det kunna gi ulike symptom.

Eit døme er viss du heile tida held pusten. Då må du overanstrengja musklar i nakken og ryggen.

– Her blir det viktig å kunna kjenna igjen den auka spenninga og klare å spenna av når den stressande situasjonen er over, seier Bergland.

Totalt vart 105 studiedeltakarar rekrutterte frå 36 ulike privatpraktiserande fysioterapeutar med spesialisering i psykomotorisk fysioterapi. Litt over halvparten av deltakarane fekk behandling ein gong i veka i seks månader, den andre halvparten fekk ikkje behandling. Deretter samanlikna forskarane dei to gruppene.

Personane som hadde fått behandling, skåra mykje betre på spørjeskjemaa med omsyn til generell helse, mental helse, vitalitet, smerte, sosial- og fysisk funksjon. I tillegg oppnådde dei betre sjølvbilete enn kontrollgruppa som ikkje fekk psykomotorisk fysioterapi.

– Funna i forhold til effekten, er veldig gode, understrekar Bergland.

Lærer å forstå kroppen betre

Forskarane tenkjer at den gode effekten òg kan ha samanheng med at opplevd stress blir mindre når pasienten lærer å bli meir fortruleg med kroppslege reaksjonar i ulike situasjonar.

– For viss du ikkje forstår kva som skjer i eigen kropp, så kan det skapa uvisse og ubehag, forklarer stipendiat Cecilie Fromholt Olsen.

Ho legg til at det å oppleva pusteproblem og hjartebank kan vera veldig ubehageleg og skremmande viss ein ikkje forstår eller er fortruleg med eigne reaksjonar i ulike situasjonar. Ein viktig del av behandlinga i psykomotorisk fysioterapi er å få betre kontakt med og auka forståing av eigne kroppslege reaksjonar.

– Me reagerer med kroppen på alt som skjer, både det positive og negative. Psykomotorisk fysioterapi er basert på at både gleder og utfordringar påverkar kroppen vår, seier Fromholt Olsen.

– Me blir både jublande glade og triste. Me held pusten, me strammar oss opp, klorar oss fast, bit tennene saman og svelgjer klumpen i halsen, medan hjartet dunkar i brystet. Dette karakteriserer liva våre og kan ha mykje å seia for livskvaliteten vår, avsluttar ho.

Fakta

Dei 105 studiedeltakarane vart rekrutterte frå 36 privatpraktiserande fysioterapeutar med spesialisering i psykomotorisk fysioterapi. Litt over halvparten av deltakarane fekk behandling ein gong i veka i seks månader, den andre halvparten fekk ikkje behandling.

Referanse

Bergland A, Fromholt Olsen C, Ekerholt K. The effect of psychomotor physical therapy on health‐related quality of life, pain, coping, self‐esteem, and social support. Physioter Res Int. (2018), e1723 (doi.org)

Denne artikkelen vart opphavleg publisert på hioa.no/vitenogpraksis 28. august 2018.

Kontakt

Laster inn ...
Forskningsartikkel av:
Fakultet for helsevitenskap (HV)
Publisert: 03.09.2018
Sist oppdatert: 12.07.2023
Tekst: Sonja Balci
Foto: Mike Schröder / Argus / Samfoto

Relatert forsking

Siluetten av ein person som går mellom mørke tre og skya himmel i bakgrunnen.
Sjølvmordsforsøk blir etterfølgt av skam

Forskar May Vatne har intervjua ti personar som overlevde sjølvmordsforsøk.

Notater om matlaging i perm og en penn som ligger oppå et av arkene.
Unge kvinner får i seg for lite jod

Hver tredje unge kvinne har kritisk lave jodnivåer.

Illustrasjonsbilde av eit eldre par som ser ut mot naturen.
Dette bør du vita om demens

Professor Birgitta Langhammer gir råd om kva som kan hindra utvikling av demens.

Ansikt av et nyfødt barn delvis dekket av dyne
Hvilken fødsel foretrekker norske kvinner?

OsloMet-forsker Lena Henriksen har flere råd til gravide som har fødselsangst og ønsker seg keisersnitt.

Stekt laks på en tallerken med nudler og salat og en gaffel.
Nesten bare godt voksne spiser fisk

Dagens produkter passer ikke inn i de unges spisevaner, viser studie.

Skjærebrett med tomater som noen kutter med kniv samt agurkskiver
Vi spiser ikke mindre kjøtt for miljøets skyld

Svært få av oss er villige til å legge om livsstilen for miljøets skyld.