Før 1721 var Grønland, eller Kalaallit Nunaat, en urfolksnasjon. Deretter ble landet kolonisert av Danmark-Norge.
– Da unionen med Norge ble brutt i 1814 forble Grønland en dansk koloni frem til 1953, forteller forsker Tone Huse.
Etter dette ble Grønland innlemmet i Kongeriket Danmark som et amt, tilsvarende et fylke.
– Man kalte det i Danmark spøkefullt «Nord-Danmark», sier Huse.
Grønlendarane kjempa for sjølvstende
Urfolket, eller inuittane, i Grønland har lenge kjempa for sjølvstende og sjølvstyre.
– Heimestyre blei innført i 1979, og i 2009 kom sjølvstyre, fortel Huse.
Heimestyre blir karakterisert som eit indre sjølvstyre, mens ordninga frå 2009 liknar meir på ei blanding av heimestyre og full avhengnad.
Danmark som "snille kolonialistar"
– Ideen om «snill kolonialisme» er noko nordiske kolonistatar har skapt om seg sjølve, forklarer Huse.
Det er ikkje slik nordiske land verkar, men slik dei ønsker å bli oppfatta.
– Det gjeld også Noregs framferd i Sápmi, blir heimland sameint, og for Danmark i Grønland, seier ho.
Den danske kongefamilien besøkar Uummannaq, Grønland 20. juli 1960. Kronprisesse Margrethe (til venstre) her ikledd ei tradisjonell grønlandsk drakt. Foto: Personalities/NTB
Korleis oppfattar danskar sjølv Danmark som kolonimakt i Grønland?
– Det svaret er nok ganske ulikt ut frå kva danske du spør, svarar Huse.
Overraska over kor synleg Danmark var
Huse har sjølv budd i Grønland og blei overraska over kor synleg Danmark som nasjon er der.
– Danmark er til stades gjennom språket og ved at det bur mange danskar der. Du høyrer dansk overalt, seier Huse.
Nokre danskar har omfamna kulturen til grønlendarane med audmjukskap, men ikkje alle.
– Eg har også møtt veldig mykje rasisme. Og han kan kjennast igjen i den danske debatten om Grønland, seier Huse.
Samtidig trur ho at det skjer ei oppvakning og auka bevisstheit for rasismen.
– Fleire danskar ser at Grønland har stor verdi for Danmark, og at det er verdifullt å ha grønlendarane med på laget, seier ho.
Huse håpar denne bevisstgjeringa opnar for eit oppgjer med fortida:
– Eg håpar dei tar eit grundig oppgjer med kolonitida og rasismen mot grønlendarane.
Tvangsinnsatte spiralar på unge jenter
Ei sak det no blir tatt eit oppgjer om i media og domstolar er «Spiralsaka».
Dette er spiralsaka
- Mellom 1960 og 1970 tvinga danske legar tusenvis av grønlandske inuitkvinner og unge jenter til å få innsett prevensjonsspiralar.
- Inngrepa blei gjorde utan samtykke, på ordre frå danske myndigheiter.
- Formålet var blant anna å kontrollere fødselstal og spare kostnader.
Andre verdskrigen kuttar sambandet til Danmark
Under andre verdskrigen blei sambandet mellom Danmark og Grønland brote fordi Danmark blei okkupert. Dette førte til at Grønland søkte nye handelssamband med USA.
– Grønlendarar opplevde i denne perioden auka grad av sjølvstyre og materiell vekst. Då krigen var over, ønskte dei å fortsette moderniseringa og styre meir sjølv, seier Huse
I staden gjer Danmark Grønland til eit amt, ikkje eit sjølvstyrt territorium.
Moderniserte og assimilerte
– På 1950- og 1960-talet rulla danske myndigheiter ut to tiårsprogram – politiske program – for å modernisere Grønland og innføre ein velferdsstat, forklarer Huse.
Samtidig blei det ført ein aggressiv assimileringspolitikk.
– Den dansken Grønlandspolitikken omfatta skoleverk, utdanning, helsevesen, inkludert kontroll av fertilitet, bustadpolitikk og næringsliv – kva grønlendarar skulle bu i og leve av, seier ho.
Tvangsflytta grønlendarar etter krigen
– Danske myndigheiter bestemmer på 1950- og 1960-talet at Grønland skal bli økonomisk uavhengig.
For å få til dette, bestemmer dei at grønlendarne må blir tvangsflytta inn i byar.
Inuittar framfor eit telt. Bildet er tatt mellom 1890 og 1920. Foto: Severin Worm-Petersen, Norsk teknisk museum.
– Myndigheitene peikar på eksport av torsk og behov for fiskeri og fiskefabrikkar. Dermed startar tvangsflyttinga frå bygdene til såkalla «openvassbyar» – byar der isen ikkje pakkar seg og stenger tilgang til hamna, seier Huse.
Bygget byar etter dansk førebilde
Grønlendarar blei i mange tilfelle tvangsflytta inn i by- og bustadstrukturar forma ut etter danske førebilder.
– Det gjekk føre seg ei byplanlegging som ledd i assimileringsmaskineriet, samtidig som grønlendarar opplever auka materiell velstand, seier Huse.
Korleis levde grønlendarar før konsentrasjonspolitikken?
– Inuittane er i utgangspunktet eit nomadisk folk som bevegar seg gjennom ulike område etter årstidene. Dei følgjer dyra og er framleis i dag dyktige jegerar og fangstmenn, med stor kunnskap om og respekt for naturen, seier Huse.
Frå nomadesamfunn til vestleg kapitalisme
Overgangen til ein vestleg kapitalistisk tankegang var ein stor kontrast.
– Mange grønlendarar handterte denne overgangen godt, men assimileringspolitikken skapte også traume. Dette må Danmark i dag svare for og kompensere for, etter mi meining, seier Huse.
Danmarks rolle i Grønland starta med Noreg
– Noregs rolle i Grønland begynte med dei norrøne busettingane, forklarer Huse.
Dei bestod av utvandrarar frå Island og Noreg som slo seg ned på øya allereie på 900-talet. Rundt 2000 menneske busette seg der.
– Vikingane busette seg på to ulike stader i Grønland og gjekk med på å vere skattland til Noreg. Dermed blei Grønland oppfatta som del av kongeriket Noreg då Noreg gjekk inn i union med Danmark.
Tunulliarfik, også kalla Eriksfjorden, er ein fjord i sør i Grønland. Namnet Eriksfjord skal fjorden ha fått av Eirik Raude sjølv. Hans bustad Brattahlíð låg her. Foto: Raelene Goddard
I enkelte kretsar i Noreg drøymde ein om norsk eigarskap til øya heilt fram til 1930-talet.
– På 1930-talet prøvde ei gruppe menn å etablere ein koloni på austkysten og legge hevd på delar av austkysten som norsk, seier ho
Korleis gjekk det?
– Saka blei tapt i domstolen i Haag, som meinte at Grønland rettmessig tilhøyrde Danmark.
USA har avtale med Danmark og Grønland
Sidan 1951 har USA hatt ei avtale med Danmark som gir USA og NATO stor tilgang til å etablere basar og ha militære operasjonar på øya.
– Samtidig tilhøyrer retten til ressursane i undergrunnen grønlendarane. Det er ein peikepinn på kvifor Trump-administrasjonen ønsker meir kontroll, seier Huse.
Dermed kan ikkje Danmark kan selje naturressursar i Grønland til USA.
Vil grønlendarar bli amerikanske?
Kva veit vi i dag om grønlendarar ønsker å bli amerikanske?
– Debatten rundt sjølvstende var svært framståande under det siste politiske valet i Grønland. Det er stor støtte til sjølvstende, men korleis ein skal komme dit, er gjenstand for ein open, sunn politisk debatt, seier ho.
Ekspert på Grønland: Tone Huse er samfunngeograf og forskingssjef ved By- og regionforskingsinstituttet NIBR. Foto: Sonja Balci
Kan Grønland bli uavhengig?
– Grønland kan bli eit uavhengig land når det vil; denne retten ligg i sjølvstyrelova. Ei folkeavstemming kan utløyse eit sjølvstendekrav når som helst, seier Huse.
Så kva er det som stoppar dei?
– Det som ofte blir peika på som hinder, er økonomien: Det trengst ein sterk og mangfaldig nok økonomi til å finansiere statsapparatet og dei tilboda innbyggarane treng.
Referansar
- Tone Huse 2024: Temporal displacement: colonial architecture and its contestation (tandfonline.com)
- Tone Huse 2015: Architectural imprints of colonialism in the Arctic (nva.no)