Slik kan du avsløre falske nyheiter

Kvinneer mot dataskjerm med falske nyhetsbilder

Professor i datatryggleik, Lothar Fritsch, ved OsloMet deler innsikt om eit globalt fenomen som utfordrar samfunn, teknologi og folk flest.

Ifølgje Fritsch er falske nyheiter meir enn berre feilinformasjon. Dei er ofte bevisst manipulerte nyheitsmeldingar som vert brukte for å påverke opinionen, mobilisere grupper og fremje bestemte agendaer – politiske, økonomiske eller ideologiske.

– Falske nyheiter dreiar seg om å setje agendaen. Dei fungerer ved å prøve å monopolisere merksemd og fortrenge andre nyheiter. Viss ei fabrikkert historie går viralt, kan ho langt på veg blokkere viktigare og meir pålitelege bodskapar, seier Fritsch.

Han forklarar at falske nyheiter ofte spelar på kjensler og sensasjonar, noko som gjer dei meir delbare og synlege på sosiale medium. Resultatet er ei forsterkning av polarisering, mistillit og desinformasjon.

Korleis vert falske nyheiter laga?

Produksjonen av falske nyheiter har blitt avansert, og teknologien spelar ei sentral rolle. 
Det dreiar seg til dømes om trollfabrikkar, det vil seie organiserte grupper som produserer falske nyheiter, som den kjende trollfabrikken i St. Petersburg, som lagar og spreier manipulerte bodskapar i stor skala.

Kunstig intelligens, verktøy som ChatGPT, kan også brukast til å skrive og manipulere tekster i rekordfart. Fritsch åtvarar om at denne teknologien kan føre til ein «tsunami» av vinkla tekster som er vanskelege å avsløre.

Det kan også vere kommersiell svindel, der aktørar lagar falske nyheitssider for å tene pengar gjennom reklame, medan andre sel «påverknadspakkar» til politiske aktørar eller bedrifter.

– I dag kan ein faktisk kjøpe falske nyheiter som ei teneste, det finst PR-byrå som tilbyr det.

Portrett av Lothar Fritsch

Professor Lothar Fritsch peikar på at eit godt påverknadsbodskap ser ekte ut, og kan få store samfunnsverknader. Difor er det viktig at du sjekkar kjelda før du deler. Foto: Sonja Balci/OsloMet

Kvifor trur folk på falske nyheiter?

Fritsch peikar på fleire faktorar som gjer at falske nyheiter verkar truverdige:

– Eit godt påverknadsbodskap ser ekte ut. Ein kjenner ikkje igjen manipulasjonen, men tek det for realiteten, understrekar Fritsch.

Kva konsekvensar kan  falske nyheiter få?

Falske nyheiter kan få store samfunnsverknader. Fritsch nemner fleire døme:

– Desse metodane medverkar til å bryte ned tillit mellom folk, institusjonar og medium, seier Fritsch. 

Korleis kan vi avsløre falske nyheiter?

Fritsch har fleire råd til folk flest for at dei skal kunne vere på vakt mot falske nyheiter:

Avsendarane vil gjerne at vi skal spreie dei manipulerte bodskapane deira, og få dei høgt opp i algoritmane til sosiale media.

Han tilrår òg å bruke ressursar som Medietilsynet sine sider for kjeldekritikk eller faktasjekk-tenester som Faktisk.no for å lære meir om korleis ein kan avsløre falske nyheiter.

Nødvendig med tiltak på samfunnsnivå

Fritsch meiner at kampen mot falske nyheiter ikkje berre handlar om individuell kjeldekritikk, men òg om tiltak på samfunnsnivå:

– Vi må gjere samfunnet meir robust mot manipulerte bodskapar. Det krev både opplæring og regulering, avsluttar Fritsch.

Falske nyheiter utfordrar altså demokratiet og den enkelte mediebrukaren. Gjennom kunnskap, kritisk tenking og teknologisk utvikling kan vi derimot kjempe mot desinformasjon – og medverke til at sanninga vinn fram.

Kontakt

Laster inn ...

Relatert forskning

Mor og datter ser på noe på mobilen sammen i en matbutikk.
Slik unngår du å bli lurt av falske helsepåstandar

Fem enkle prinsipp kan gjere det lettare å tenkje kritisk om helsepåstandar.

Et hus i 51 Abakumova Street ødelagt av bomber.
– Partene har tilgang til totalt forskjellige virkelighetsforståelser

Medieforsker og professor Kristin Skare Orgeret følger mediebildet rundt krigen i Ukraina.

To elver ved pulter i klasserom.
Slik kan elever lære kritisk tenkning

Barn og unges hverdag preges av rask informasjonsflyt. Når lærere skal bruke nyheter i arbeidet med kritisk tenking er det viktig at de trekker veksler på elevenes egne erfaringer.

Publisert: 20.10.2025
Sist oppdatert: 20.10.2025
Tekst: Olav-Johan Øye
Foto: Heiko Junge/NTB