Gjennom prosjektet Ung i Noreg har forskarar ved OsloMet, Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og NORCE følgt over 3000 personar frå dei var rundt 15 år til dei var i byrjinga av 40-åra.
– Vi ville finne ut korleis sosiale forhold i oppveksten heng saman med psykisk helse og trivsel seinare i livet, og om oppfølginga frå foreldra kan forklare noko av skilnadene, fortel prosjektleiar Tilmann von Soest.
Forskarane undersøkte symptom på depresjon og angst, problematisk alkoholbruk, åtferdsproblem, einsemd og sjølvkjensle. Dei såg også på utdanninga til foreldra, kven ungdommane budde saman med, og kva støtte og oppfølging dei fekk heime.
Vi ville finne ut korleis sosiale forhold i oppveksten heng saman med psykisk helse og trivsel seinare i livet, og om oppfølginga frå foreldra kan forklare noko av skilnadene.– Tilmann von Soest
Skilnader som varer
Ungdom som budde med begge dei biologiske foreldra, hadde i gjennomsnitt færre symptom på depresjon og angst. Dei hadde også mindre problematisk alkoholbruk og færre åtferdsproblem. Skilnadene var framleis synlege då deltakarane var i 40-åra.
Skilnaden i einsemd var liten i ungdomsåra, men tydelegare i 40-åra: Deltakarar som hadde budd med begge dei biologiske foreldra, rapporterte då mindre einsemd enn andre.
– Å bu med begge dei biologiske foreldra var gjennomgåande knytt til betre psykisk helse og trivsel. Skilnadene varte inn i midtlivet, seier medforfattar Libor Potočár.
Forskjellane etter utdanningsnivået til foreldra var i hovudsak avgrensa til ungdomsåra, medan skilnadene mellom dei som budde saman med begge foreldra og dei som ikkje gjorde det, var meir omfattande og langvarige.
Å bu med begge dei biologiske foreldra var gjennomgåande knytt til betre psykisk helse og trivsel.– Libor Potočár
Varme og støtte kan gjere ein forskjell
Forskarane spurde ungdommane om korleis foreldra følgde dei opp. Visste foreldra kven dei var saman med? Hjelpte dei til med skulearbeidet? Var dei varme og støttande? Eller prøvde dei å styre for mykje?
Analysane tyder på at støtte og oppfølging frå foreldra kan forklare noko av skilnadene i den psykiske helsa til ungdommane.
Oppfølginga frå foreldra stod for om lag ein tredel av skilnaden i depressive plager mellom ungdom som budde med begge dei biologiske foreldra, og dei som ikkje gjorde det. For angst var delen litt over ein firedel.
– Ungdom frå familiar med fleire ressursar opplevde oftare at foreldra var varme, støttande og engasjerte, fortel von Soest.
Den teoretiske modellen for familiestress kan gi nokre forklaringar på desse samanhengane. Dei som ikkje veks opp med begge foreldra, kan ha færre ressursar og meir stress, mellom anna økonomisk stress. Det kan gjere det vanskelegare for foreldre å vere varme og omsorgsfulle.
Fleire forhold kan spele inn
Forskarane understrekar at familiesituasjonen åleine ikkje nødvendigvis forklarer skilnadene. Studien viser samanhengar, men kan ikkje slå fast kva som er årsaka. Forskarane hadde heller ikkje opplysningar om familieinntekt eller konfliktar og andre belastningar i familien som kan ha spela inn.
Familiesituasjonen kan også henge saman med andre sårbarheiter i familien. Den psykiske helsa til foreldra og arvelege disposisjonar kan til dømes ha påverka utviklinga av psykisk helse og trivsel hos barna – og dermed også resultata i studien. I tillegg skildra deltakarane sjølve både oppfølginga frå foreldra og si eiga psykiske helse.
Forfattarane meiner at resultata talar for å styrkje hjelpa til utsette familiar og støtte foreldre i omsorga for barna.
Om studien
Studien byggjer på den landsdekkjande undersøkinga Ung i Noreg og omfattar meir enn 3000 personar. Deltakarane var i gjennomsnitt 15 år då studien starta i 1992, og rundt 43 år ved siste måling i 2020. Opplysningar blei samla inn fem gonger i løpet av perioden.
Forskarane følgde utviklinga i psykisk helse og trivsel, og undersøkte korleis dette hang saman med familiesituasjonen og støtta og oppfølginga ungdommane fekk heime.
Utvalet var landsrepresentativt ved starten, men nokre deltakarar fall frå undervegs.
Å bu med begge dei biologiske foreldra viser til at respondentane budde med begge i same husstand. «Om lag like mykje hos mor og far» var kategorisert som «andre busituasjonar».
Referanse
Potočár, L., Kozák, M., Bøe, T. & von Soest, T. The social gradients in mental health and psychosocial well-being from adolescence to midlife and the mediating role of parenting practices: a national cohort study Social Science & Medicine (sciencedirect.com)