Nærings- og offentleg sektor-ph.d.

Ønskjer du å ta ein doktorgrad medan du jobbar? Med ein nærings- eller offentleg sektor-ph.d. kan du ta doktorgrad ved OsloMet samtidig som du arbeider i ei bedrift eller ei offentleg verksemd.

Ordninga gjer det mogleg å samarbeide med universitetet om eit prosjekt som er relevant for arbeidsplassen din. Bedrifter eller verksemder som gjer avtale om nærings-ph.d. eller offentleg sektor-ph.d. får eit årleg økonomisk tilskot frå Noregs forskingsråd. Pengane blir gitt som prosjektstøtte til bedrifta eller verksemda.

For å søke om opptak til eit av doktorgradsprogramma våre som offentleg sektor-ph.d.- eller nærings-ph.d.-kandidat må du ha inngått ei samarbeidsavtale med bedrifta/verksemda og eit institutt på OsloMet. 

Les meir om forskingsfinansiering (ansatt.oslomet.no).

Informasjon frå fakulteta

Nokre av fakulteta har eigne sider om ordninga: