Førestillingar om «familie» står sentralt i offentleg og politisk diskurs, og i velferdspolitikk og praksis, i Noreg og internasjonalt. Mykje av forskinga på tvers av fagområde ved Velferdsforskingsinstituttet NOVA inneber å tenkje på «familie», på tvers av ulike tema, inkludert velferdstenester, straffesystemet, livsløps- og generasjonsstudiar, bustad, migrasjon, barndom og ungdomstid.

Forskingsnettverket samlar perspektiv og kunnskap frå denne forskinga på tvers av seksjonar og fagdisiplinar ved NOVA.

Målet med forskingsnettverket er å skape ein arena for kritisk og kreativ refleksjon rundt familierelaterte tema ved å «tenkje saman» på tvers av fagdisiplinar og seksjonar. 

Nettverket er ope for alle forskarar ved NOVA. Vi møtest ein gong i månaden og byter på å presentere og foreslår felles litteratur. Vi deler og diskuterer utvikling av forsking i alle ledd – frå nye idear til diskusjon om pågåande arbeid – og utforskar moglegheiter for nye samarbeid og kollektive prosjekt om familierelaterte tema. 

Nettverket blir koordinert av forskar I Monica Five Aarset og Janet Boddy, professor ved Child, Youth and Family Studies på Universitetet i Sussex og forsker II ved NOVA (sussex.ac.uk).

Kontaktperson