Regjeringa har bestemt at 2026 er Totalforsvaråret. Noreg skal styrke si evne til å forebygge og handtere sikkerheitspolitiske kriser og krig på tvers av sektorar (dsb.no).
Professor Gerd Berget ved Instiuttt for arkiv-, bibliotek og informasjonsfag meiner myndigheitene overser den viktige rolla biblioteka kan spele for sivil beredskap.
– Dei er opptatt av at vi må styrke den sivile motstandskrafta. Då må vi også styrke biblioteka.
Ho har undersøkt om norske folkebibliotek ønsker og har nok ressursar til å ha ein nøkkelfunksjon i den norske totalberedskapen.
– I det store og heile viser studien at norske bibliotekarar ser dette som ein del av samfunnsoppdraget sitt, men at det er viktige føresetnader som manglar, seier ho.
– Like viktig kva slags informasjon du kan stole på
Bibliotekarane meiner dei særleg kan bidra med nøytral informasjon og med å auke folks informasjonskompetanse.
– I Noreg snakkar vi mykje om vatn, havregryn og batteri. Men det er like viktig å vite kva slags informasjon du kan stole på. Det skulle eg ønske myndigheitene la større vekt på, seier Berget.
– Og dette har bibliotekarane spisskompetanse på.
Ei trygg befolkning
I regjeringa si totalberedskapsmelding er biblioteka nemnde i éi setning (regjeringa.no), som ein del av grunnlaget til befolkninga for å vere opplyste, kritisk tenkande og i stand til å finne meining og løysingar.
Berget meiner det er altfor knapt og at betydninga av biblioteka for den indre, sivile motstandskrafta i langt større grad bør anerkjennast og gjerast tydeleg i beredskapsplanane.
– Vi veit kor lett desinformasjon blir spreidd og at enkelte regime har stor interesse av det. Då må vi klare å skilje sant frå usant. Om ikkje, får vi ei veldig redd befolkning, seier ho.
– Sivil motstandskraft betyr også indre motstandskraft. Skal vi auke den, må folk vere trygge og informerte.
I Noreg snakkar vi mykje om vatn, havregryn og batteri. Men det er like viktig å vite kva slags informasjon du kan stole på. Det skulle eg ønske myndigheitene la større vekt på– Gerd Berget
Biblioteka har høg tillit
Berget viser til informasjonsflyten under pandemien, der mange henta informasjon frå sosiale medium framfor myndigheitene.
– Mange stolar ikkje på det politikarar og myndigheiter seier.
Men biblioteka har svært høg tillit i befolkninga og blir oppfatta som ein stad for alle, påpeikar ho.
– Demokrati og inkludering er blant kjerneverdiane til biblioteka. Dei kan vere ein nøytral, felles arena som tilbyr informasjon både før og under ei krise.
Bibliotekøkonomien er meir pressa enn nokon gong. Det er paradoksalt at i ei tid der vi satsar på totalberedskap, og biblioteka kunne spelt ei viktig rolle, så byggast dei ned.– Gerd Berget
Kulturformidling i kriser
Fleire bibliotekarar i studien trekker også fram biblioteka som ein trygg og tilgjengeleg møteplass under kriser.
– Det er ein naturleg stad å komme for å lade mobilen, få PC-tilgang, informasjon, varme og tryggleik, forklarer Berget.
Bibliotekarane legg også vekt på biblioteket som kulturformidlar.
– Folk treng avkopling i kriser. Under krigen var utlånstala svært høge, og mange bøker blei heilt utslitne fordi dei var lesne så mykje, fortel Berget.
Paradoks at biblioteka blir bygde ned
Ifølgje studien ønsker dei fleste biblioteka ei rolle i totalberedskapen i landet.
Infrastrukturen er der, med bibliotek i alle kommunar, men biblioteka manglar ressursane.
– Bibliotekøkonomien er meir pressa enn nokon gong. Det er paradoksalt at i ei tid der vi satsar på totalberedskap, og biblioteka kunne spelt ei viktig rolle, så byggast dei ned, seier Berget.
Ho opplever at politikarar gjerne seier seg einige i betydninga av biblioteka, men utan at det blir vist i praksis.
– Vi ser det verken i planar eller budsjett.
Sjå til Sverige
Bibliotekarane i studien etterlyser også ein avklart og formell posisjon i beredskapsarbeidet.
– For å kunne bidra ordentleg, må dei inkluderast tidleg i prosessane. Fleire meiner dei bør vere representerte i beredskapsråda i kommunane, seier Berget.
Ho meiner Noreg bør la seg inspirere av Sverige.
– Der har biblioteka ei samfunnskritisk rolle i totalforsvaret i landet.
Svenskane har etablert eit ekspertnettverk og utvikla ei omfattande «verktøykasse» for beredskapsarbeidet til biblioteka (biblioteksforeningen.se).
I Noreg har Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, i samarbeid med Tønsberg og Færder bibliotek, laga ein rettleiar (dsb.no), men han er langt mindre omfattande.
– Vi er på veg, men det går sakte. I Totalforsvarsåret burde vi komme lenger. Totalberedskap handlar om meir enn å lagre havregryn og kjøpe krigsskip og stridsvogner.
Referanse
Berget, G. (2026). “Information First Responders” or Providing a Safe Space? - Public Libraries and Total Preparedness in Norway (tandfonline.com). Public Library Quarterly.