Dette kan gi flyktningar buffer mot dårleg psykisk helse

Ein ung innvandrargut sparkar ein fotball, medan ei gruppe vaksne innvandrarar sit i bakgrunnen.

Flyktningar som bur i område der det er fleire andre med same nasjonalitet, har betre psykisk helse enn flyktningar som bur utan eigne landsmenn rundt seg, viser fersk forsking frå velferdsforskingsinstituttet NOVA ved OsloMet.

– Det betyr at når me samanliknar til dømes ein flyktning frå Irak som bur i område med andre irakarar, vil denne personen i snitt ha langt færre besøk eller innleggingar på psykiatriske institusjonar enn ein irakisk flyktning utan andre irakarar rundt seg, seier Elisabeth Ugreninov.

Buffer mot dårleg psykisk helse

Ho er seniorforskar ved NOVA og ein av forskarane bak studien som nyleg vart publisert i tidsskriftet Social Science and Medicine. Studien er basert på registerdata over alle flyktningar frå Vietnam, Somalia, Sri Lanka, Iran, Irak og Bosnia som budde i Noreg i 2008-2011.

Saman med kollega og  hovudforfattar Jon Erik Finnvold, har ho undersøkt samanhengen med kvar flyktningane budde, kor mange med same landsbakgrunn dei hadde i nærleiken av seg og kor mange besøk eller talet på liggjedøgn dei hadde på ein psykiatrisk institusjon.

– Funna våre kan tyda på at eit sosialt nettverk med folk frå eigen landsbakgrunn er viktig for psykisk helse. På mange måtar kan dette fungera som ein buffer mot dårleg psykisk helse, seier ho.

Forskinga viste òg at det var vanlegast å finna opphoping av flyktningar frå same land, dei såkalla etniske enklavane, i urbane strøk og store byar.

– Det blir ikkje heilt rett å seia at flyktningar som bur i byen har betre mental helse enn flyktningar som bur på landet, men samtidig kan det lett bli slik i praksis. For det er primært i byane at flyktningar frå same land blir sentrert. På landet og i mindre urbane strøk, derimot, er det gjerne få med same landsbakgrunn, forklarer Ugreninov.

– Stemmer med tidlegare funn

Forskarane er ikkje særleg overraska over funne, for tidlegare forsking frå mellom anna USA og England, har teikna eit tilsvarande bilete.

– Teorien går ut på at ved å snakka med nokon som snakkar morsmålet ditt, som kan hjelpa deg til å forstå det nye systemet, den nye kulturen og det nye helsevesenet, så får du ei sterkare kjensle av tilhøyrsel. Då får du det òg betre. Dessutan kan det jo tenkjast at det å kunna ha sosialt samvær med personar med same erfaringar eller traume òg gir ein positiv, psykisk helseeffekt.

Studien frå NOVA viser òg ein tendens til at flyktningane generelt har mindre kontakt og færre liggjedøgn på psykiatriske institusjonar, enn det etniske nordmenn har.

– Det kan tyda på at flyktningar har eit underforbruk av psykiatrisk helsehjelp. Så det blir ekstra viktig å ha fokus på at flyktningen, som kanskje ofte har opplevd traume, får den hjelpa dei treng.

– Stemmer med erfaringa mi

Monica Strandmyr har jobba mykje med flyktningar. Frå 2015 og inntil nyleg var ho leiar av lokalgruppa Refugees Welcome to Vest-Agder, og no er ho i styret til Refugees Welcome Norway. Gjennom arbeidet har ho erfart at det er gunstig for flyktningar å ha eigne landsmenn i det nye lokalmiljøet sitt.

– Eg har sett tydeleg at dei flyktningane som får bu i nærleiken av andre med lik bakgrunn, og dermed har kunna skapa eit nettverk med dei, klarer seg betre – både praktisk og mentalt. Dei hjelper og støttar kvarandre. Det trur eg òg bidreg til at dei lettare får kontakt med norske omgangsvenner.

Dei som blir flytta til utkantkommunar utan andre frå eige land, slit meir, opplever ho. Dei står åleine utan likesinna å støtta seg til.

Ho meiner det er mykje bra med å kunna lufta tankane om traumatiske erfaringar eller ting som skjer i heimlandet, når samtalepartnaren kan relatera til det ein pratar om.

– Det er klart det ikkje blir det same for ein frå Syria å snakka med meg, som å prata med ein landsmann med tilsvarande erfaringar som han sjølv, seier Strandmyr.

Bør ikkje oppmoda til ghettofisering

Elisabeth Ugreninov meiner at forskinga deira bidreg til å reisa viktige spørsmål om korleis ein skal ta imot og plassera flyktningar som kjem til Noreg.

– Det å oppmoda til ein ghettofisering er nok ikkje noka god løysing. Flyktningane treng nettverk med nordmenn i, for å læra seg norsk og norsk kultur.

– Samtidig kan me òg gå ut frå at eit sosialt nettverk med personar av same landsbakgrunn er viktig. Men sidan nokre av desse miljøa kanskje har eit underforbruk av psykisk helsevesen, er det òg vesentleg at me klarer å forhindra at dei stigmatiserer psykiske lidingar. Difor vil det òg vera avgjerande å gi dei nok informasjon om psykisk helse og helsevern.

Det er mykje betre å la fem familiar frå Eritrea få bu i same by eller bygd, enn å splitta dei opp og plassera familiar frå ulike land saman.

Strandmyr er heller ikkje tilhengjar av ghettofisering, men likevel er ho ikkje bekymra for at det er ei reell problemstilling utanfor Oslo.

– Dei andre norske byane er såpass små at ein aldri vil få ein ghettofisering. Så eg meiner heilt klart at det er mykje betre å la fem familiar frå Eritrea få bu i same by eller bygd, enn å splitta dei opp og plassera familiar frå ulike land saman. Det er sjølvsagt fint å skapa mangfald, men me bør ta omsyn til det me veit om å ha noko kjenneleg rundt seg.

Fakta om studien

Velferdsforskingsinstituttet NOVA ved OsloMet står bak studien.

Den er basert på registerdata over alle flyktningar frå Vietnam, Somalia, Sri Lanka, Iran, Irak og Bosnia som budde i Noreg i perioden 2008–2011.

Studien vart publisert i tidsskriftet Social Science and Medicine i mai 2018.

– Treng meir forsking

NOVA-forskarane håpar ytterlegare forsking vil gi fleire peikepinnar på korleis ein best tek imot og integrerer flyktningane.

– Det hadde nok vore spesielt gunstig å vita litt meir om korleis dei religiøse leiarane bidreg i denne samanhengen. Me veit veldig lite om kva imamane gjer for å bidra til muslimske flyktningars mentale helse, seier Ugreninov.

Referanse

Jon Erik Finnvold, Elisabeth Ugreninov (2018). Refugees' admission to mental health institutions in Norway: Is there an ethnic density effect? Social Science & Medicine (sciencedirect.com)

Denne artikkelen vart opphavleg publisert på hioa.no/vitenogpraksis 28.06.2018.

Laster inn ...
Publisert: 03.09.2018
Sist oppdatert: 12.07.2023
Tekst: Christine Gulbrandsen
Foto: Harald Henden, VG

Relatert forsking

Portrett Tale Skjølsvik, utendørs med trær rundt seg
– Vi trenger ledere som skjønner digitalisering

– Strategisk IKT-kunnskap er i mange tilfeller helt avgjørende for hvordan det går med virksomheten din.

To menn som jobbar framfor fire PC-skjermar på eit kontor.
Vil gjera 5G sikkert

OsloMet-forskarar vil utvikla ein prototype av 5G, der nettet kan delast opp for å gi betre tryggleik.

Illustrasjonsbilde tre ungdommer i et rom foran et stort vindu, to sitter én står
Unge hasjbrukarar slit på fleire område

Ungdata-tala for 2018 viser at cannabisbruken aukar i heile landet.

Gutt som ser inn i kameraet med en annen gutt som  skimtes uskarpt i bakgrunnen.
Mindre framtidsoptimisme blant ungdom

Norske ungdomar er meir involvert i problemåtferd og trua på framtida har blitt svekka.

Høyrehendene til to personer som hilser på hverandre.
Lønner seg å ansette folk som bryr seg om andre

Organisasjoner bør ansatte folk som ikke først og fremst bryr seg om seg selv, men som også er opptatt av andre.

Bygårdsfasader med vinduer og balkonger
Levekårsproblemene hoper seg opp hos innvandrere

Tre ganger så mange innvandrere har økonomiske problemer og dårlige boforhold sammenliknet med befolkningen ellers.