Mindre framtidsoptimisme blant ungdom

Gutt som ser inn i kameraet med en annen gutt som  skimtes uskarpt i bakgrunnen.

Dei siste 10–15 åra har Ungdata og annan ungdomsforsking vist oss ungdomar som stadig har blitt meir veltilpassa og skikkelege. No trur forskarane at trenden har snudd.

Den nasjonale rapporten frå 2018 blir lansert på Arendalsveka av Anders Bakken, leiar av Ungdatasenteret ved NOVA på OsloMet.

Mindre tru på framtida

Det er fleire funn i årets rapport som i sum ber bod om eit meir negativt syn på eiga framtid.

Det har lenge har vore ein auke i kor mange ungdomsskuleelevar som trur dei vil ta høgare utdanning på universitet eller høgskule, men årets tal viser ein nedgang både for gutar og jenter.

Portrett Anders Bakken

Også på nokre andre område ser vi at ungdomane er mindre optimistiske med tanke på framtida, mellom anna finn forskarane ein nedgang i talet på unge som trur dei kjem til å leve eit godt og lukkeleg liv.

– På eitt område er endringane nokså store, fortel Bakken. – På berre nokre få år har talet ungdomsskuleelevar som trur at dei aldri vil bli arbeidslause, blitt redusert med nesten ti prosentpoeng. Også blant elevar på vidaregåande ser vi ein nedgang.

Meir problematisk åtferd

Dei siste 10–15 åra har vi sett ein nedgang i ungdomskriminalitet, vald og rusmiddelbruk. 2018-tala kan tyde på at det har vore eit brot i denne utviklinga.

Undersøkingane frå dei to siste åra viser no ei auke i talet gutar som naskar i butikkar, som driv med hærverk eller som driv med andre formar for regelbrot. Blant jentene er det mindre endringar.

Forskarane finn også ei utflating av trenden når det gjeld bruk av tobakk, alkohol og valdsbruk.

Samanlikna med ungdom i andre land, ligg bruken av cannabisprodukt som hasj og marihuana nokså lågt i Noreg, men bruken har auka dei siste 2–3 åra. Medan 13 prosent av gutane på vidaregåande hadde brukt cannabis i 2015, fortalte 16 prosent om det same i 2017. Talet på ungdom som har fått tilbod om cannabis, har òg auka, både på ungdomstrinnet og vidaregåande.

– Tala tyder på at det er i ferd med å skje nokre endringar i ungdomskulturane, seier Bakken. Kva dette skuldast, er vanskeleg å seie ut frå tala, men det er urovekkjande at denne trenden skjer samstundes med at stadig fleire rapporterer om psykiske helseplagar. Årets tal viser at omfanget av psykiske plagar ikkje lenger berre aukar blant jentene, men også blant gutane.

Om undersøkinga

Rapporten baserer seg på svar frå 249.100 elevar på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring som deltok i Ungdata i åra 2016 til 2018.
Resultata er nasjonalt representative og baserer seg på undersøkingar gjennomført på ungdomstrinnet i 412 kommunar og Svalbard og på dei fleste vidaregåande skulane i landet.

Svarprosenten er 85 prosent på ungdomstrinnet og 69 prosent på vidaregåande.

Framleis ein veltilpassa ungdomsgenerasjon

– Sjølv om vi ser ein negativ utvikling på fleire område, så må vi huske at dette stort sett er mindre endringar, eller ei utflating av ei positiv utvikling, understrekar Bakken.

Vi har framleis en veltilpassa, aktiv og heimekjær ungdomsgenerasjon. Dei aller fleste ungdomane trivst og er godt nøgde med foreldra sine, med venane sine, med skulen dei går på, og med lokalmiljøet der dei bur. Dei fleste har ein aktiv fritid der sosiale medium, dataspel, trening, organiserte fritidsaktivitetar, skulearbeid og samvær med venar pregar kvardagen.

Så sjølv om vi ser nokre endringar i retning av auka kriminalitet, vald og cannabisbruk, er fortsatt dagens unge truleg ein god del skikkelegare og på mange måtar endå meir veltilpassa enn mange tidlegare ungdomsgenerasjonar.

– Om brotet med og utflatinga av den positive utviklinga som har vore på desse områda, er ein varig trend, vil vi berre kunne sjå i framtidige undersøkingar, avsluttar Bakken.

Les meir om Ungdata og finn tal frå ditt fylke eller din kommune på www.ungdata.no

Denne artikkelen ble opprinnelig publisert på Hioa.no/vitenogpraksis 13.08.2018

Om Ungdata

Ungdata er eit samarbeid mellom dei sju regionale kompetansesentra innan rusfeltet (KoRus) og Velferdsforskingsinstituttet NOVA ved OsloMet – storbyuniversitetet. Helsedirektoratet finansierer ein stor del av kostnadane ved Ungdata.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 27.09.18
Sist oppdatert: 06.08.20
Tekst: Nina Eriksen
Foto: Colorbox.com
Fysioterapibehandling, pasient og fysioterapeut
Denne behandlingen ga mindre smerter og bedre mental helse

Pasienter fikk et bedre liv med psykomotorisk fysioterapi.

Sju menn og to kvinner i et panel med IPCC-logo i bakgrunnen
Ekspertens verdier – bør de få plass?

Hvor går skillet mellom naturvitenskapsfolks rolle som forskere og deres rolle som eksperter i politikkutforming?

Hendene til to personer med kniver og en skjærefjøl. Den ene skjærer en chili, den andre skjærer pasjonsfrukt i to.
Hvordan kan barnehagene skape matglede?

Skal barna spise forskjellige typer mat, må de få prøve ut ulike smaker i trygge omgivelser.

Oslos ordfører Marianne Borgen som ser på dokumenter på et skrivebord sammen med en annen kvinne
Hvem klipper snoren?

Forskere har sett nærmere på hvordan makten er fordelt mellom byrådslederen og ordføreren.

Bibliotekinteriør, OsloMet Kjeller
Litteratur som krisehjelp

Kan livet ditt forandre seg gjennom å lese skjønnlitteratur?

Bygårdsfasader med vinduer og balkonger
Levekårsproblemene hoper seg opp hos innvandrere

Tre ganger så mange innvandrere har økonomiske problemer og dårlige boforhold sammenliknet med befolkningen ellers.