Lesekrise eller leseboom?

To unge jenter ser på bøker i ei bokhylle

Kort oppsummert

  • Lesekrise og leseboom samtidig: Undersøkingar som PISA/PIRLS viser fall i leseferdigheiter og låg leseglede, medan BookTok og sosiale medium aukar lesinga hos nokre grupper.
  • Effekten er skeivt fordelt: særleg jenter og ressurssterke les meir. Det kan forsterke sosiale skilnader.
  • Bemanna, sterke skolebibliotek kan vere eit frirom som bidrar til å gi elevar leseglede og motivasjon, og kan bidra til å snu trenden.

Delar av Kort oppsummert er laga ved hjelp av SIKT KI-chat. Teksten er kvalitetssikra av OsloMet.

Tips til deg som vil ha leseglade barn

Åse Kristine Tveit har desse råda til foreldre som vil at barna skal bli glade i å lese:

  • La barnet få velje bøker sjølv.
  • Vær ein lesande rollemodell. Barna ser kva du synest er viktig.
  • Les høgt for kvarandre. Ingen blir for stor til det.
  • Snakk med barna om kva dei les og om kva du sjølv les.
  • La det bli ein triveleg vane å gå på biblioteket – med god tid.
  • Tving ingen til å lese.

– Undersøkingar som PISA og PIRLS viser lita leseglede hos 15-åringane, og også nedgang i leseferdigheiter, seier Åse Kristine Tveit, førsteamanuensis i bibliotekvitskap på OsloMet.

Ho meiner lesekrisa er reell, og erfarer det også i møte med nye studentar, som slit med å lese lange tekstar.

Leseboom – men ikkje for alle

Samtidig veks bokfellesskapet BookTok på TikTok, influensarar på sosiale medium framsnakkar bøker og leseklubbar er i vinden. Bokhandlarar og bibliotek melder om utlåns- og salsrekordar, og hevdar vi er inne i ein leseboom.

Betyr det at vi kan avblåse krisa?

– Det er ein del, særleg jenter, som les enormt mykje, men det er vanskeleg å seie kor breitt dette fenomenet er, seier førsteamanuensis Sunniva Evjen.

– Når du ser på kva som er på topplistene på BookTok, så ser du særleg bøker med appell til unge jenter.

Bøkene er gjerne dialogdrivne og inneheld mykje drama og sterke kjensler, fortel forskaren, som meiner vi kan seie at vi har ein leseboom – berre ikkje i alle samfunnslag eller blant alle.

Førsteamaunensis Åse Kristine Tveit med ei bok i handa, framfor ei bokhylle med barnebøker

Åse Kristine Tveit har forska på leseglede blant elevar på yrkesfag. Ho meiner det er viktig å hugse at lesing kan vere mykje anna enn skjønnlitteratur. Foto: Benjamin A. Ward / OsloMet

Det å få gutar til å lese blir ofte sett på som den vanskelegaste nøtta å knekke.

– Veldig ofte når det er snakk om lesing og unge, så er det snakk om å lese skjønlitteratur i bokform, og det er det ikkje alle gutar som likar. Men det er viktig å hugse at det finst mykje anna lesing. Gutar les kanskje andre ting, som faglitteratur eller lesing knytt til dataspel, seier Tveit.

Blir lesing eit elitefenomen?

Heller ikkje på biblioteka treff utlånsveksten alle. 

– Ser ein på utlånsstatistikken til biblioteka er det særleg lån av barnebøker som aukar, seier Åse Kristine Tveit.

Ho knyter det særleg til dei årlege Sommarles-kampanjane, som er svært populære.

– Og ikkje minst at ein del foreldre er veldig merksame på at dei vil at ungane skal ha mindre skjerm, og dei vil gjerne at dei skal bli gode lesarar, få seg ei utdanning og gjere det bra i livet. Kanskje er foreldre som sjølv har høg utdanning mest opptatt av det.

Kan forsterke skilnader

Evjen meiner det er grunn til å tru at nokre grupper dominerer utlånet på biblioteka.

– I Noreg har vi ikkje tal på dette, men i Danmark finst det studiar av kven lånarane er og kva dei låner, og der ser vi at biblioteka ikkje nødvendigvis er like utjamnande som ein skulle tru.

I Danmark viser nemleg tala at det er dei med god økonomi og høg utdanning som oftast låner bøker på biblioteka. Forskarane meiner det er sannsynleg at også norske lånarar er ressurssterke, sjølv om dei understrekar at biblioteket også blir brukt på mange andre måtar, av eit breitt publikum.

Portrett av førsteamanuensis Sunniva Evjen

– Det vi kan gjere, er å legge til rette for at det skal bli lettare å bli motivert eller inspirert, seier Sunniva Evjen. Ho meiner skolebiblioteka er ein viktig arena for å utvikle leseglede. Foto: Sonja Balci / OsloMet

Det at nokre grupper les meir, medan andre sakkar akterut kan bidra til å forsterke skilnader i samfunnet.

– Evna di til å lese og konsentrere deg handlar også om evna til å tileigne deg kunnskap på mange andre område, seier Tveit.

Korleis kan vi snu lesekrisa?

Ei gruppe som les lite er elevar på yrkesfag. Tveit har forska på leseglede blant desse elvane og seier at forskinga viser at dei i liten grad identifiserer seg som lesarar, og heller ikkje opplever glede ved å lese.

Skolebiblioteket kan bli eit frirom som er noko anna enn klasserommet – Sunniva Evjen

Ho trur det å gje elevane litteratur som kan gi dei lesegleda og motivasjonen tilbake er avgjerande viss vi skal klare å snu lesekrisa.

– Elevane vi intervjua sa dei gjerne kunne tenke seg å lese noko knytt til faget dei gjekk på, for det hadde dei jo valt ut frå ein interesse. Det kunne vere faktaforteljingar, eller kanskje biografiar om ein som har vore i det yrket.

– Viss du skal bli motivert, så handlar det både om å vere interessert i noko, og om å vite at det gir deg ei god oppleving. At du har ei erfaring om at dette veit eg er kult. Det er jo noko av dynamikken bak at seriar sel så bra.

Skolebiblioteka som frirom 

Sunniva Evjen meiner det finst tiltak vi veit verkar for å gi elevane lesegleda tilbake: 

– Det vi kan gjere, er å legge til rette for at det skal bli lettare å bli motivert eller inspirert. Der må ein i større grad tenke at skolebiblioteka er ein viktig arena.

– Skolebiblioteket kan bli eit frirom som er noko anna enn klasserommet, med eit variert tilbod av bøker, der elevane kan få gode anbefalingar basert på ikkje berre kva dei er interessert i, men også ut frå nivået dei er på.

I Sverige satsar dei no milliardar på å bygge opp skolebiblioteka for å betre leseferdigheitene. Forskarane håper regjeringa sin nye lesekommisjon, som kjem med sine anbefalingar i løpet av året, vil foreslå det same. 

– Det å ha eit skolebibliotek som er bemanna, der elevane møter nokon som kan bøker, og som kan formidle, utan at det er ein lærar. Det utgjer ein kjempeforskjell, seier Evjen.

Referansar

Tveit, Åse Kristine; Olsen, Heidi Kristin (2025). Lesere, ikke-lesere og litteraturformidlingens muligheter på yrkesfag (norskundervisning.no). Norsklæreren.

Blaabæk, Ea Hoppe; Friedman, Sam; Jæger, Mads Meier; Reeves, Aaron (2025). How are cultural tastes stratified? Evidence from library borrowing for the entire population of Denmark Purchased (academic.oup.com). European Sociological Review. 

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Oversiktsbilete frå Oslo sitt hovudbibliotek, Deichman Bjørvika.
– Beredskap er meir enn vatn og havregryn

I krig og andre kriser er påliteleg informasjon og kampen mot desinformasjon avgjerande. Derfor må biblioteka inn i dei sivile beredskapsplanane, meiner forskar.

En mor sittende på gulvet med sin funksjonshemmede sønn. I fanget har de en Ipad.
Dei fleste barn og unge kom seg godt gjennom pandemien – men ulikskapane auka

Ny forsking frå OsloMet viser at dei fleste barn, unge og familiar kom seg relativt godt gjennom koronapandemien. Samstundes blei skilnadene større for unge i sårbare situasjonar.

Ung gut støttar hovudet med armen ved ein pult.
Forskarar peikar på tre tiltak for å gjere skulen meir praktisk

191 millionar er sette av til innkjøp av utstyr for å få meir praktisk læring og leik frå 1.-10. trinn. Dette er oppfordringane frå skuleforskarane.

To elver ved pulter i klasserom.
Slik kan elever lære kritisk tenkning

Barn og unges hverdag preges av rask informasjonsflyt. Når lærere skal bruke nyheter i arbeidet med kritisk tenking er det viktig at de trekker veksler på elevenes egne erfaringer.