English version

Sensorteknologi i helsesektoren

Sensorar er einingar som reagerer og responderer på ulike stimuli. Forskarar ved OsloMet bruker og utviklar sensorar for innsamling av helserelaterte data.

I tråd med måla til Intelligent helse ved OsloMet, gjer sensorteknologi det mogleg å bruka teknologi for å betra helsa. 

Sensorar blir brukte til diagnostisering, førebygging og behandling av sjukdom, og til å føreseia respons på behandlinga. I helseforsking blir sensorar brukte til å samla inn og tolka biologiske og fysiologiske data. 

Data frå sensorteknologi bidreg til teknologisk innovasjon, og gir viktig helseinformasjon. 

Ein viktig eigenskap sensorar har er at dei kan måla biomarkørar ikkje-invasivt. Det fører til mindre smerte og ubehag for pasienten og reduserer risikoen for infeksjonar. 

I tillegg kan sensorar brukast uavhengig av alderen, kjønnet og helsa til pasienten.

Sensorteknologi ved OsloMet

Ved å ta i bruk avansert sensorteknologi fokuserer forskarar ved OsloMet på å forstå sensoriske signal, avdekkja mønster og samanhengar, og overvaka biomarkørar som kan visa tidlege teikn på helseutfordringar.

Ved OsloMet bruker me kunstig intelligens og maskinlæring til å forska på signal samla frå ei rekkje sensorar og finna nye samanhengar.

Døme på sensorteknologiar som blir brukte av forskarar og studentar ved OsloMet er:

  • OsloMet-forskarar som jobbar med sensorteknologi

    Laster inn ...
  • Relevante forskingsgrupper og forskingsprosjekter ved OsloMet

  • Meir om Intelligent helses fokusområde

    • Bioteknologi

      Forskarar ved OsloMet utviklar metodar og vurderer nytta av biomarkørar i diagnostikk og behandling, persontilpassa medisin og storskala analysar.

    • Kunstig intelligens i helsevesenet

      OsloMet utviklar algoritmar og modellar ved hjelp av maskinlæring som er skreddarsydd for bruk i medisinsk forsking. Forskinga skal bidra med å løysa utfordringane i helsesektoren.

    • Omikk-teknologi

      Forskarar og forskingsgrupper på OsloMet nyttar ulike omikk-teknologiar til å studera molekyla i livet, korleis variasjonen deira påverkar funksjonen deira, korleis dei blir danna og korleis dei blir brotne ned.

    • Velferdsteknologi

      Velferdsteknologi referer til verktøy og tenester som har som mål å forbetra livskvalitet og velvære.

    • Intelligent helses fokusområde

      Intelligent helse-satsinga på OsloMet skal bidra til å løysa utfordringane samfunnet står overfor innan helse.