English version
Jente som bruker teknologi-briller og ser på ein teknologi modell, i eit lyst rom.

Intelligent helses fokusområde

Intelligent helse-satsinga på OsloMet skal bidra til å løysa utfordringane samfunnet står overfor innan helse.

Intelligent helse har desse fokusområda:

  • Bioteknologi

    Forskarar ved OsloMet utviklar metodar og vurderer nytta av biomarkørar i diagnostikk og behandling, persontilpassa medisin og storskala analysar.

  • Kunstig intelligens i helsevesenet

    OsloMet utviklar algoritmar og modellar ved hjelp av maskinlæring som er skreddarsydd for bruk i medisinsk forsking. Forskinga skal bidra med å løysa utfordringane i helsesektoren.

  • Omikk-teknologi

    Forskarar og forskingsgrupper på OsloMet nyttar ulike omikk-teknologiar til å studera molekyla i livet, korleis variasjonen deira påverkar funksjonen deira, korleis dei blir danna og korleis dei blir brotne ned.

  • Sensorteknologi i helsesektoren

    Sensorar er einingar som reagerer og responderer på ulike stimuli. Forskarar ved OsloMet bruker og utviklar sensorar for innsamling av helserelaterte data.

  • Velferdsteknologi

    Velferdsteknologi referer til verktøy og tenester som har som mål å forbetra livskvalitet og velvære.