– Forsking gjer utdanningane sterkare, og studentane våre får kjennskap til ny kunnskap som er relevant for dei som jobbar med barn, unge og unge vaksne, seier Sølvi Mausethagen, prodekan for forsking og utvikling ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium.
– Når studentane kjem ut i jobb, har dei derfor ei brei forståing for korleis dei sjølv kan bidra. I tillegg bidrar forskinga vår til politikkutvikling som får noko å seie for samfunnet vårt, fortsetter Sølvi.
Fakultetet har 68 ph.d.-stipendiatar og fleire post.doc.-kandidater som er heilt sentrale i forskingsarbeidet ved fakultetet. Også studentane får vere med på forsking gjennom bachelor- og masteroppgåvene sine.
Sterke internasjonale forskingsmiljø
– Vi har nokre av dei største forskingsmiljøa på våre felt i Noreg, og nokon også i Norden og Europa, særleg innan tolkeutdanning og yrkesfaglærarutdanning. Forskarane gjer seg gjeldande internasjonalt med deltaking i forskingsnettverk og publikasjonar.
Forskingsmiljøet innan utviklingsstudiar har mange samarbeidspartnarar over heile verda, og jobbar blant anna med berekraft og ulikskap.
Prosjektet Elver som juridiske personar har undersøkt om det å gi elvar juridiske rettar gjer at det blir lettare å styrke vernet av dei. Denne internasjonale rørsla med meir enn 500 initiativ over heile verda, har også gitt nytt perspektiv også på korleis ein kan behandle norsk natur, som Oslofjorden.
Kulturarv, fråfall og digital myndiggjering med støtte frå Forskingsrådet
Eitt av forskingsprosjekta ved fakultetet akkurat no er Levande kulturarv – Vibrant Connections, som fekk støtte frå Forskingsrådet i åra 2023-2027 til å forske på barnehagen som kulturarena i dagens samfunn. Prosjektet jobbar saman med 14 barnehageavdelingar for å undersøke og styrke arbeidet med å ta i bruk sin eigen musikalske bagasje i barnehagen, og leiast av Tove Lafton.
Prosjektet School4Work er også støtta av Forskingsrådet for å utvikle kunnskap som yrkesfaglærarar kan bruke for å hjelpe elevane over i arbeidslivet. Hovudformålet er å bidra til å møte utfordringane med fråfall i vidaregåande skole. Dette prosjektet spring til 2027, og blir leidd av Evi Schmid.
Denne våren startar eit anna stort forskingsprosjekt, EMPOWERED, leidd av Louise Mifsud. Her samarbeider forskarane med Nordre Follo kommune for å jobbe fram praksis, metodar og verktøy for å bidra til digital myndiggjering i skolar og lærarutdanning.
Fakultetet deltar også stadig i fleire oppdragsforskingsprosjekt, og leidde arbeidet med evaluering av Seksårsreformen på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet i 2024.
Nyleg kom også rapporten frå "Å vere stemma til praksisfeltet" (utdanningsforbundet.no) der forskarar frå fakultetet og Senter for profesjonsforsking saman undersøkte korleis lærarar og leiarar tilsett i barnehage og skole bidrar inn i samarbeid etablert for å styrke kvaliteten i lærarutdanningane. Funna viser at dei deltar i eit breitt omfang av samarbeid med lærarutdanningane, utover det ordinære praksissamarbeidet.
Mangfaldige forskargrupper
Alle faste vitskapleg tilsette på fakultetet for lærarutdanning og internasjonale studiar er med i ei eller fleire forskingsgrupper. Det same gjeld stipendiatane og postdoktorane til fakultetet. Med fire nye forskingsgrupper frå 2026, har fakultetet no 34 forskingsgrupper. Mangfaldet i forskargruppene viser breidda i kompetansen og forskingsinteressene blant våre tilsette.
- Vi er stolte over å ha så mange aktive og gode forskarar ved fakultetet, som også samarbeider tett med praksisfelta dei utdannar til, avsluttar Sølvi Mausethagen.
Her er dei fire nye forskargruppene: