Slik påverkar barnehagebygga barna

Portrett av Randi Evenstad.

Er det lett å komma seg ut og inn av barnehagen? Har bygget vindauge barna kan sjå ut og inn av? Er det rom for mange ulike aktivitetar? Er leikar og materiell lett tilgjengeleg? Er miljøet frodig og inspirerande?Førstelektor Randi Evenstad ved OsloMet og arkitekt Birger Dahl ved Enerhaugen arkitektkontor har skrive om barnehagebygg i ei fersk bok om barns medverknad i barnehagen.

– Barndommen til barna blir no levd i stor grad i barnehagen. Det er der dei er i åtte til ti timar om dagen. Då bør me ta på alvor at det fysiske miljøet i barnehagen påverkar barna, mellom anna samspela deira, leik, sanseinntrykk og trivsel. Nokre barnehagebygg kan vera direkte deprimerande, medan andre kan vera veldig stimulerande, seier Evenstad.

Forskaren og arkitekten har besøkt ei rekkje norske og utanlandske barnehagar gjennom mange år.

– Det er store skilnader mellom barnehagar, både når det gjeld sjølve bygget og korleis bygget blir brukt. I mange norske barnehagar er ikkje det fysiske miljøet så godt som barn fortener. Me har sett alt frå dårleg organiserte møbellager til inspirerande miljø som fremjar meistring og aktiv deltaking hos barna, fortel Dahl.

– Barna må tenkjast inn gjennom heile prosessen frå planlegging til bruk, og det bør få konsekvensar for planløysingar, materialbruk og innreiing av barnehagane, påpeikar han.

Fakta om prosjektet

Førstelektor Randi Evenstad ved OsloMet og arkitekt Birger Dahl ved Enerhaugen arkitektkontor har analysert ulike løsninger i eksisterende barnehager, og sett på hvordan bygget virker sammen med barna og hvordan barna kan virke sammen med bygget.

Både Evenstad og Dahl er også med i Finnut-prosjektet EnCompetence som skal utvikle ny kunnskap i planlegging og utvikling av barnehagens inne- og utemiljø.

Prosjektet skal foregå fram til 2020 og ledes fra Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærerutdanning.

Konkrete døme

Slik blir barna blir påverka av barnehagebygga og måten byggane blir brukte på.

1. Å komma til barnehagen

I ein barnehage blir Per møtt av ein stor vegg, ei inngangsdør og eit hav av vogner når han kjem til barnehagen. Han må gjennom fleire dører, korridorar og ein heis for å komma fram til avdelinga si.

Fire barn som ser ut av et vindu

Vindauge i barnehøgd gjer at barna kan følgja med på vêr og vind utanfor. Foto: Caroline Strøm Pedersen

I ein annan barnehage blir Marie møtt av eit stort vindauge rett inn i avdelinga ho går i når ho kjem til inngangspartiet. Der kan ho sjå både leikekameratane sine og dei vaksne før ho kjem inn i barnehagen.

– I det første dømet kan Per bli ein passiv bylt som blir flytta rundt til han til slutt blir sloppen inn i eit rom og foreldra går, seier Evenstad.

– I det andre dømet vil Marie kunna sjå rommet ho skal inn i, og barna og dei vaksne som allereie er på plass. Det oppstår dermed ein kontakt med dei allereie før Marie er inne i barnehagen. Marie kan byrja å gle seg til å sjå dei, og det kan bli ei god drivkraft inn i garderoben, seier Dahl.

2. Frå inne til ute

I ein barnehage ser ikkje Anna leikeplassen eller uteområdet når ho er inne i barnehagen. Vindauga er derimot vende ut mot ein inkjesigande parkeringsplass. For å komma seg ut må barna gjennom fleire dører og korridorar. Sjølve leikeplassen er idyllisk og fin med eit lågt gjerde ut mot skogen.

I ein annan barnehage har Ali eit stort vindauge i barnehøgd ut mot leikeplassen. Han kan sjå barna som er ute og han kan følgja med på endring i vêr og lysforhold. Det er òg ei skyvedør som går ut til ein avgrensa terrasse. Ut hit kan Ali gå når som helst viss han vil ha litt luft. Sjølve leikeplassen har eit tett og høgt gjerde ut mot ei trafikkert gate.

Overbygd terrasse i en barnehage i London, med tegninger på veggen

Overbygd terrasse i ein barnehage i London, med høge, tette gjerde utanfor. – Dette er ikkje så vanleg i norske barnehagar, men i ein del engelske barnehagar er både ute- og inneareala tilgjengelege for barna heile tida. Foto: Randi Evenstad og Birger Dahl.

– I det første dømet har ikkje barna noko kontakt med uteområdet når dei er inne. Skal dei ut må dei gjennom ei utslusing med personalet. Det blir fort ein del venting både for å komma seg både ut og inn. Når dei først er ute, må dei vaksne stadig telja barna, sidan gjerdet er lågt og uteområdet uoversiktleg, seier Evenstad.

– I det andre dømet kan Ali følgja med på kva som skjer ute medan han er inne. Han har òg ein heilt annan fridom enn Anna, han kan nemleg vera ute på det vesle terrasseområdet når han vil. Han har mange fleire høve til både medverknad og meistringskjensle utan fare for å forsvinna for personalet. Dei vaksne kan dermed bruka meir tid på å stimulera til leik enn å telja barn.

3. Eta

I ein barnehage et Aksel og dei andre barna i eit stort og ope fellesareal med dårleg akustikk. Barna sit ved høge bord i tripp trapp-stoler med bøylar, som dei må hjelpast opp og ned frå. Det blir mykje støy under måltidet. Personalet ser seg difor nøydd til å avgrensa aktivitetane til barna i området.

I ein annan barnehage sit Iben òg i fellesareal og et, men her er det laget avgrensa område for dei ulike barnegruppene. Akustikken er god og innreiinga skaper koselege spisekrokar. Barna sit ved låge bord og på stolar som dei kan gå av og på sjølv. Sidan akustikken er god kan dei prata og le under måltidet utan at det opplevast som støy.

Bord, stoler og åpent kjøkken

Kaféløysing med låge bord og stolar og hemmeleg hòle under kjøkkenbenken. Foto: Randi Evenstad og Birger Dahl.

– I døme to har barna det både rolegare og meir hyggjeleg medan dei et, og dei har òg høve til å gå frå bordet når dei er ferdige med å eta. Barna blir meir aktive subjekt med fleire høve til medverknad.

4. Leika

I ein barnehage leikar Mahin i eit stort og ope areal med noko møblering opp mot veggene. Leikane, bøkene og anna materiell er plassert litt tilfeldig langs veggene i hyller og boksar. Nokre av bøkene og leikane er ikkje i barnehøgd.

I ein annan barnehage er leikeområdet delt inn i ulike leikekrokar. Alle leikar og bøker er plasserte lett tilgjengeleg for barna og dei er presenterte på ein tydeleg og inviterande måte.

– Tomme opne område verkar negativt på leik. Slike lokale inviterer meir til vandring og løping enn til utforskande og fantasifull leik. Det er mykje meir leik og samspel i leikekrokar med mykje materiell, der leikane er presenterte på ein tilgjengeleg og inspirerande måte, seier Evenstad.

Manglar kunnskap

Evenstad og Dahl trur mange barnehagar kan ta meir omsyn til kva som inspirerer barna i måten barnehagebygget blir brukt på.

– Her skortar det nok litt på kunnskap om korleis bygg påverkar barn. Ofte kan enkle grep gjera miljøet mykje betre eigna for både samspel, leik og barns medverknad, seier Evenstad.

Me må hugsa på at det er barndommens omgivnader me skaper. Kontrasten mellom vår barndom og mykje av det me ser i barnehagane no er stor. Eg hadde ein barndom i stor fridom i skog med froskedammar, fuglar, stiar og hòlar, medan det i mange barnehagar no er nake og sterilt.

– Det verkar som hygiene og tryggleik har forrang framfor frodighet og ekte utforsking. Då er eg redd ein bevegar seg for langt bort frå ein rik barndom, avsluttar Dahl.

Denne artikkelen vart opphavleg publisert på hioa.no/vitenogpraksis 30. august 2018.

Publisert: 05.09.2018
Sist oppdatert: 13.07.2023
Tekst: Heidi Ertzeid
Foto: Sonja Balci / OsloMet

Relatert forsking

Skjærebrett med tomater som noen kutter med kniv samt agurkskiver
Vi spiser ikke mindre kjøtt for miljøets skyld

Svært få av oss er villige til å legge om livsstilen for miljøets skyld.

Portrett Tale Skjølsvik, utendørs med trær rundt seg
– Vi trenger ledere som skjønner digitalisering

– Strategisk IKT-kunnskap er i mange tilfeller helt avgjørende for hvordan det går med virksomheten din.

Politiet
Når mening drukner i måling

Hva skjer egentlig med politiets arbeid og motivasjon, når kun det som kan telles regnes med? Det spør AFI-forsker Christin Thea Wathne i sin bok «Målstyring i politiet».

Norsk flagg ved siden av Europa-flagg foran stor bygning.
Halvparten av sakene i kommunestyrer og fylkesting berørt av EU eller EØS

Rapport viser at EU berører halvparten av sakene i kommunene.

Illustrasjonsbilde av lege og pasient.
Fastlegen set heller nyttige enn rette diagnosar

Medan me pasientar trur det finst ein rett diagnose, er fastlegane opptekne av å finna diagnosar som gir heldige utfall.

Et barn i en butikk med et kamera surret fast på hodet
Ny metode: festet kamera på barns hoder i butikk

For første gang tar en studie bokstavelig talt barnets perspektiv på handletur.