Forsking er ein viktig del av KAIs arbeid og mandat. Forskinga innanfor KAI dekker eit breitt felt, og fagpersonar som studerer eller underviser i tiltak og mekanismar for inkludering og ekskludering av arbeidslivet på makro-, meso- eller individnivå er relevante for KAI.
Eit viktig formål er å utvikla inkluderingskompetansen i norsk arbeidsliv. Kva er det verksemder og støtteapparatet treng av kunnskap for å auka arbeidsinkluderinga, kva er relevant kunnskap og korleis kan ho takast i bruk.
Pågåande prosjekt
- Lovende praksiser: Helhetlig arbeidsinkludering av unge voksne (Promising Practices)
- Organising for Outcome - Links between service integration and transitions to employment for citizens with complex service needs
- Varig ansettelse av mennesker fra «utsatte grupper» i små og mellomstore bedrifter: en mixed-method-studie i Norge og Nederland (ENGAGE)
- PÅDIGVEL – Pålitelig digital velferdsforvaltning
- Kvalifiseringsprogrammet som virkemiddel for arbeidsinkludering
- Kompetanse i NAV-kontor
- Inkluderingspartnerskap i Agder
Gjennomførte prosjekt
- Borgerlønnsforsøk i moderne velferdsstater: En kunnskapsoppsummering
- Effektevaluering av individuell jobbstøtte for unge (IPS-ung)
- Utsatte unge, utenforskap og inkludering – en kunnskapssammenstilling
- Inkluderingskompetanse som samskaping
- Arbeidsavklaringspenger - en sammenstilling og oppsummering av kunnskap på området
- Kan motiverende intervju bidra til raskere retur til arbeid for sykemeldte med muskelskjelettlidelser? (MI-NAV)
Forskingsgruppa Arbeidsmiljø, arbeidshelse og profesjon
Forskingsgruppa utforskar det komplekse samspelet mellom arbeidsmiljø og arbeidshelse i eit tverrfagleg perspektiv, med særleg vekt på profesjon, sosial ulikskap og kjønn.
Dei nyttar norske registerdata som omfattar den sysselsette befolkninga i heile landet. For å overkomme avgrensinga til registerdata – mangelen på direkte informasjon om arbeidsmiljøfaktorar – koplar dei registerdata med ulike jobbeksponeringsmatriser (JEM) baserte på dei norske levekårsundersøkingane om arbeidsmiljø.
Gruppa består av forskarar frå Fakultet for samfunnsvitskap, Fakultet for helsevitkap og Senter for profesjonsstudiar ved OsloMet. Dei har også eit aktivt samarbeid med Statens institutt for arbeidsmiljø (STAMI).
Nettverk for inntektssikringsforskning
I regi av Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI) har det blitt etablert *eit nettverk for inntektssikringsforsking ved OsloMet. Formålet med nettverket er å skape synergi og samarbeid mellom *forskarar og miljø som er engasjert i forsking knytt til inntektssikring.
Arbeidsutvalg for nettverket
Medlemmer
- Torunn Bragstad (nav.no)
- Anne Skevik Grødem (samfunnsforskning.no)
- Aksel Hatland (samfunnsforskning.no)
- Georg Espolin Johnsson, pensjonert lege
Nettverk for forsking om funksjonshemming
Eit forskarnettverk ved Velferdsforskningsinstituttet NOVA på OsloMet som samlar kompetanse på tvers av seksjonar og fag, inkludert forskarar frå resten av OsloMet.
Vi er opptatte av levekår og korleis kontekstuelle forhold legg til rette for eller avgrensar individ si inkludering i utdanning, arbeid og på sosiale arenaer.
Vår viktigaste aktivitet er å arrangere arbeidsseminar med eksterne og interne foredragshaldarar og lunsjseminar der vi møtest for å diskutere artikkelutkast.
CUBB – Center for Udvikling af Borgerinddragende Beskæftigelsesindsatser
Center for Udvikling af Borgerinddragende Beskæftigelsesindsatser (CUBB) er eit partnarskap mellom forskarar frå Aalborg universitet og praktikarar frå dei kommunale sysselsettingsinnsatsane.
Gjennom dialogisk kunnskapsproduksjon og -mobilisering har dei eit tett samarbeid mellom forsking og praksis, med sikte på å omstille dei offentlege sysselsettingsinnsatsane og forbetre sysselsettingsmoglegheitene til borgarane.
CUBB – Center for Udvikling af Borgerinddragende Beskæftigelsesindsatser (cubb.aau.dk)
KAI-seminaret
Kai-seminaret er eit nettverk av forskarar som har tilhøyrsel til OsloMet, Høgskolen i Innlandet, Universitetet i Søraust-Noreg og NAV.
Seminaret bidreg med
- å sette forsking om arbeidsinkludering på dagsorden
- erfaringsutveksling og kunnskapsdeling
- utvikling av arbeidsinkludering som forskingsfelt
Om du ønskjer å bli med i nettverket eller har spørsmål, kan du kontakte fagansvarleg Talieh Sadeghi.