Skal undersøkje effekten av foreldrestøtte og ekstra helsehjelp til sårbare førstegongsmødrer

Mor med delvis ryggen til holder et nyfødt i armene.

− Dette er eit svært spennande prosjekt. Kommunane som er med skal tilby intensiv oppfølging av mødrer i krevjande livssituasjonar som ventar sitt første barn. Oppfølginga skal dei få av ein spesialopplært familiesjukepleiar som skal følgje familien frå graviditeten til barnet er to år, med opp til 64 heimebesøk, fortel Anne Grete Tøge, som skal leie prosjektet saman med Eirin Pedersen. Begge er seniorforskarar ved Arbeidsforskingsinstituttet AFI ved OsloMet.

Alle som har fått barn veit at både graviditet, fødsel og dei første par åra kan vere krevjande. Men for nokon kan det vere ekstra krevjande. Til dømes om dei har problem med psykisk helse, rus eller økonomi. Det kan også vere vanskeleg for foreldra om dei er svært unge, dei lever i eit konfliktfylt forhold eller har opplevd vald, overgrep eller omsorgssvikt i eigen barndom.

 

To damer med blondt hår og sorte klær, halvnært foto.

Anne Grete Tøge og Eirin Pedersen, begge seniorforskarar ved Arbeidsforskingsinstituttet AFI ved OsloMet, skal leie forskingsprosjektet. Foto: Eli Kristine Korsmo/OsloMet

Tverrfagleg forskarteam

No har eit tverrfagleg team med bakgrunn frå sosialt arbeid, sosiologi, sjukepleie, utviklingspsykologi og helseøkonomi fått i oppdrag av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) å undersøkje om utvida helsehjelp til eit utval førstegongsforeldre vil kunne gje barnet ein potensielt betre start på livet enn dei ville fått med vanleg helsehjelp. 

Eit program kalla «Familie for første gang/Nurse Family Partnership» (NFP) skal prøvast ut i ei rekkje kommunar, etter vellukka pilotforsøk i Rogaland og Oslo, og dokumenterte, gode effektar i andre land som USA, England, Skottland og Nederland. 

− Sjukepleiarane skal fremje kompetent og sensitiv omsorg, stimulere til eit godt samspel mellom foreldre og barn, og hjelpe foreldra med å betre sin eigen livssituasjon, forklarar Eirin Pedersen. 

Til dagleg i programmet blir desse sjukepleiarane omtala som "familiesjukepleiarar", sjølv om dette ikkje er ein formell eller beskytta tittel.

Mange skjebnar

Hensikta er å etablere eit godt tilbod til vanskelegstilte foreldre, og styrke dei i foreldrerolla. Slik kan ein:

− Det er artig å få vere med og evaluere ei så stor satsing. Ho involverer mange tenester og mange enkeltskjebnar. Programmet var opphavleg retta mot unge mødrer, men her i Noreg er det aktuelt å ha førstegongsfødande mødrer i alle aldrar, og fedrane vil indirekte vere ein del av prosjektet, seier Pedersen.

Tidlegare studiar har vist overtydande effektar på førebygging av vald, helseåtferd i graviditeten og utviklinga hos barnet, men dei mest overtydande effektane har dei sett i langstidsstudiar. 

− Frå mora blir gravid til barnet er to år vil eg seie det er eit moglegheitsvindauge for foreldra til å gjere gode val i livet. I den prosessen kan ein familiesjukepleiar vere til god hjelp, seier Pedersen. 

Over 30 kommunar skal med

Målet er å rekruttere minimum 500 familiar, der halvparten av familiane blir ei kontrollgruppe som får det vanlege tilbodet frå helsestasjonen. Undervegs skal dei mellom anna undersøkje personleg helse hos mor, helsa og utviklinga til barnet, deriblant om det leiar til færre tilfelle av omsorgssvikt.  Dei skal òg sjå på foreldra sitt livsløp, slik som utdanning og arbeid.

Eirin Pedersen var ein av to prosjektleiarar for evalueringa av pilotkommuneforsøket. Der fann dei ut  at mellom to og fire prosent av alle førstegongsforeldra kan vere i målgruppa for prosjektet, som no blir utvida frå to til åtte sentrumsområde i Noreg, og skal omfatte i overkant av 30 kommunar.

Ho meiner prosjektet er spennande uansett kva dei finn. 

− Om vi finn at programmet har ein effekt, vil det gje grunnlag for å kunne rulle ut programmet over heile landet. Om vi ikkje finn nokon effekt, kan det tyde på at velferdstilbodet til denne gruppa i Noreg allereie er godt nok eller at vi må leite etter andre tiltak, seier ho. 

Dette er første gong det blir gjort ein så omfattande effektstudie på førebyggjande innsats på oppvekstfeltet i Noreg, ifølgje Bufdir.  

− Det er svært viktig at kommunane og tenestene kan basere sine val av tiltak på kunnskap om at tiltaka verkar og har effekt for målgruppa, seier Eirunn Lysø, avdelingsdirektør for kunnskapsstyring/forsking i direktoratet.

Fakta om prosjektet

  • Oppdragsgjevar er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Prosjektet har ei ramme på 25 millionar kroner. 
  • Prosjektet er leia av forskarar frå Arbeidsforskingsinstituttet AFI ved OsloMet. Med seg på laget har dei forskarar frå Fakultet for samfunnsvitskap og Fakultet for helsevitskap ved OsloMet, i tillegg til forskarar frå Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress, Folkehelseinstituttet og Psykologisk institutt, Universitetet i Oslo.
  • Prosjektet har oppstart i 2022, og leverer sluttrapport i 2027. 
  • Forskarane skal bruke både nettskjema, klinisk observasjon og registerdata som kjelder. Dei har og rett til å bruke dataa i åra framover for å kunne sjå på effektar på lang sikt.
  • Arbeidsforskingsinstituttet AFI gjorde følgjeevalueringa «Familie for første gang»/«Nurse-Family Partnership» av pilotprosjektet.

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

En kvinne holder hendene rundt sin gravide mage
Foreldre diskrimineres i arbeidslivet

Det er ingen arbeidsgivere som ønsker å behandle foreldre dårlig, men både rigide arbeidsmåter og økonomiske rammebetingelser gjør det vanskelig å tilrettelegge for dem.

Illustrasjonsbilde av en mor som holder sitt nyfødte barn på brystet.
Fødende kvinner vil ha ekte og personlig omsorg

En ny norsk studie har undersøkt hva som er viktig for kvinner når de skal føde.

Ansikt av et nyfødt barn delvis dekket av dyne
Hvilken fødsel foretrekker norske kvinner?

OsloMet-forsker Lena Henriksen har flere råd til gravide som har fødselsangst og ønsker seg keisersnitt.

Smilende mor og gutt ser i kamera fra sofaen.
Hvordan skal barna oppdras?

Skal man holde på foreldrenes tradisjoner eller bryte med dem og bli mer som majoriteten i Norge?

Smilende mann og gravid kvinne på sofa
Myter om graviditet

Er det sunt med sex når du er gravid? Blir du lykkeligere av å få barn?

To smilende jenter på sykkel fotografert nedenfra
Norske barn har det veldig bra, men ikke alle

Det viser svarene fra over 15 000 barn mellom 10 og 12 år som har deltatt i spørreundersøkelsen Ungdata junior.

Illustrasjonsbilde av gutt foran pcen med alvorlig uttrykk.
Slik blir barn og unge utsatt for seksuelle overgrep på nett

Ny rapport viser hvordan barn og unge kan bli utsatt for nettovergrep.

Forskningsartikkel av:
Arbeidsforskningsinstituttet AFI
Publisert: 23.05.22
Sist oppdatert: 25.05.22
Tekst: Eli Kristine Korsmo
Foto: Hollie Santos/Unsplash og Eli Kristine Korsmo/OsloMet