English version

Digitale læringsarenaer

Forskargruppa fokuserer på forsking om digital kompetanse og digitalisering i utdanningspolitikk, pedagogikk, didaktikk og skole, på alle nivå og i alle fag og i lærarutdanning.

Forskningsgruppa har eit breitt perspektiv på bruk og forståing av digitalisering i utdanning.

Digital teknologi speler ei viktig rolle i skolen. Elevane skal gjennom skoleløpet lære å nytte, forhalde seg til og tenke kritisk om digitale verktøy. Digitale teknologiar kan gi tilgang til undervisningsverktøy og moglegheiter som ikkje ville vore der elles.

Samtidig er det viktig med kritisk bruk av digitale verktøy. Eit eksempel på dette er kunstig intelligens (KI), som må innførast i skolen på ein god måte. Barn og ungdom må lære om KI, fordi dette vil inngå i deira kvardagsliv og sannsynlegvis framtidige yrkes liv. KI kan utgjere ein ressurs i skolen for både lærarar og elevar. Men KI vil også føre med seg utfordringar knytt til læring, vurdering og sosiale aspekt.  

Vi inviterer forskarar, utdanningsinstitusjonar, teknologiselskap og andre interesserte partar til å delta i dette viktige arbeidet. Saman kan vi skape ei betre forståing av korleis vi kan støtte barn og unge i ein digital tidsalder.

Leiarar av forskingsgruppa

Laster inn ...

Medlemmar

Laster inn ...

Meir om forskingsgruppa

Fordi den digitale utviklinga går raskt, er det viktig for oss å legge til grunn ei brei tilnærming til digitale ferdigheiter og digitalisering i utdanning. Våre fokusområde er delvis overlappande og gjensidig avhengige av kvarandre. Digitalisering og digital kompetanse omfattar bruk av digitale verktøy i undervisning og læring, strategiar for digitalisering og digitale utfordringar nasjonalt og internasjonalt. Dette omfattar alt frå bruk av datamaskiner og digitale verktøy i klasserommet til i fritid og kvardagsliv.  

Forsking på feltet digitale læringsarenaer blir forstått på fleire måtar, både som eit tverrfagleg/fleirfagleg felt, som bruk av (digitale) verktøy og som eit komplekst samspel med teknologi. Forskinga vår forheld seg til teknologiske artefakt som blir bringa inn i praksisfeltet, så vel som til endra arbeids- og kommunikasjonsmåtar som kjem med denne teknologien. 

Fem hovudområde

Digital kompetanse og kompetanseutvikling i utdanning

I eit samfunn med stadig meir fokus på og debatt om bruk av digital teknologi i utdanninga, er det viktig med solid og forskingsbasert kunnskap om digital kompetanse i skole og lærarutdanning. Forskingsgruppa arbeider med problemstillingar knytte til utvikling av profesjonsfagleg digital kompetanse både i skole lærarutdanning. Digitale teknologiar byr på både moglegheiter og utfordringar i undervisningssamanheng og stiller store krav til lærers kompetanse. Vi samarbeider med fleire fagområde, skolar, yrkesfaglærarutdanning og lærarutdanning for å bygge forskingsbasert kunnskap om digital kompetanse og kompetanseutvikling i utdanning.

Forskingsmessig har vi ein lang og solid portefølje av vitskaplege publikasjonar og formidling på dette kunnskapsfeltet. Vi har fleire tidlegare og igangverande forskingsprosjekt knytte til forskingsfeltet digitale kompetansar. I dei seinare åra har prosjekta større internasjonal orientering. I dette feltet har vi vore aktive på den nasjonale og internasjonale arenaen gjennom publikasjonar knytte til omgrepsutvikling, særleg om dei profesjonsfaglege digitale kompetansane til læraren. Temaet har vore sentralt for miljøet vårt gjennom mange år. Fleire av medlemmene i gruppa har vore med på å vurdere og utvikle modellar for forståing av profesjonsfagleg digital kompetanse. Ein vesentleg del av dette arbeidet omhandlar digital dømmekraft. I dei seinare åra har arbeidet med omgrepsapparat og forståing av profesjonsfagleg digital kompetanse inngått i eksternfinansierte forskingsprosjekt.

Innovative digitale læringsmiljø

Forskingsgruppa har ei omfattande tilnærming til innovative digitale læringsmiljø, der vi utforskar ei rekke teknologiar og metodar for å forbetre læring og undervisning. Vi forskar på bruk av virtuelle verder, hybride klasserom, læringsplattformer, digitale spel og kunstig intelligens. Ein sentral del av arbeidet vårt er å studere korleis desse læringsmiljøa er utforma, og dessutan dei pedagogiske praksisane som oppstår i desse settingane.

Eit viktig initiativ er utviklinga av ReflectionStudio, ein arena designa for undervisningseksperiment og framme av nyskapande lærings- og undervisningspraksisar.  ReflectionStudio fungerer som ei hybrid plattform som støttar utvikling og design av digitale læringsmiljø, samtidig som ho legg til rette for reflektive prosessar på ein systematisk måte. Dette inkluderer bruk av designbasert forsking og aksjonsforsking, som gir rom for kontinuerleg forbetring og innovasjon.

Våre fokusområde omfattar virtuell utveksling, internasjonalt samarbeid gjennom virtuelle utvekslingsprogram, ReflectionStudio, utforskingsmiljø med tilgang til teknologiar for digitalt støtta forsking for handtering av rike digitale data, slik som designbasert forsking (DBR) og simulering, teknologisk støtte for utvikling av og forsking på simuleringsmetodar.

Lærings- og undervisningspraksisar med digitale teknologiar

Vi utforskar og utviklar innovative lærings- og undervisningspraksisar ved bruk av digitale teknologiar i fag og i tverrfagleg arbeid. Digitale teknologiar har ein stadig større plass i undervisning på skolar og høgare utdanning. Digitale læringsarenaer har fokus på korleis desse teknologiane kan brukast på ein måte som tilpassar seg elevars og lærarstudentars ulike behov og livssituasjonar og fremmar fagleg læring. Vi forskar blant anna på bruk av KI, VR og programmering i skolen og lærarutdanninga.

Digitale læringsarenaer undersøker korleis teknologi kan brukast til å fremme læring både innanfor enkeltfag og på tvers av fagområde, og utviklar digitale fagdidaktiske metodar som støttar dette. Forskinga omfattar også bruk av digitale verktøy for å støtte samarbeidslæring, forbetre vurderingspraksisar, inkludert formative og summative vurderingar. Forskinga vår fokuserer også på korleis teknologi kan brukast til å fremme kreativitet i læringsprosessar, og korleis kreative teknologiske verktøy kan integrerast i undervisninga.

Den digitale deltakinga og livsmeistringa til barn og unge

I ei stadig meir digitalisert verd har barn og unge eit unikt høve til å delta i ulike sosiale, pedagogiske og kulturelle aktivitetar gjennom digitale medium. Forskingsgruppa Digitale læringsarenaer fokuserer på å undersøke korleis digital deltaking påverkar livsmeistringa, utviklinga og trivselen til barna og unge. Vi vil også utforske tema som medborgarskap, digital dømmekraft, innenforskap/inkludering/utanforskap, barns og unges digitale liv, kritisk tenking, og digital identitet.

Vi har som mål å kartlegge digital danning, undersøke unges digitale danning og sosiale relasjonar i lys av digital deltaking og kommunikasjon. Vi ønsker å identifisere utfordringar å moglegheiter ved digital deltaking, og dei pedagogiske implikasjonane av dette. Vi utforskar korleis barn og unge bruker digitale verktøy og plattformer i kvardagen, inkludert skole, heim og fritid, inkludert sosiale medium, læringsapplikasjonar og spel. Samanhengen mellom digital deltaking og livsmeistring inkluderer tema som kritisk tenking, problemløysing, digital dømmekraft og etisk refleksjon. Vi vil også analysere korleis digital kommunikasjon og samhandling påverkar vennskap, trivsel, familierelasjonar og sosiale nettverk. Forskingsgruppa ønsker å identifisere og undersøke både dei positive og negative aspekta ved digital deltaking, som for eksempel potensiale for meistring og læring digitalt, utvikling av ferdigheiter og kompetanse, men også mobbing, sjølvregulering og tilgang til informasjon. Denne kunnskapen kan så brukast til å vurdere korleis skolar og utdanningsinstitusjonar kan støtte barn og unge i å utvikle sunne digitale vanar og ferdigheiter som fremmar livsmeistring.

Digitale teknologiar i forsking

Forskingsgruppa er opptatt av bruk av digitale teknologiar i forsking og som forskingsmetode. Dette inkluderer digital datainnsamling og analysemetodar, og designmetodar som involverer design av digital teknologi (designbasert forsking) blant anna knytt til ReflectionStudio. Gruppa er også opptatt av implementering og utvikling av AI som forskingsstøtte. Med digital handtering av forskingsdata og resultat følgjer problemstillingar knytte til personvern og forskingsetikk, noko som også opptar forskingsgruppa.

Forskingsmetode i forskinga i gruppa

Forskingsgruppa nyttar ulike metodiske tilnærmingar. Gruppa har hovudvekt på kvalitativ forsking, men nyttar også kombinasjonar av kvantitative og kvalitative metodar. Desse tilnærmingane inkluderer intervensjonsstudiar og case-studiar som gir oss innsikt i dynamikken og effekten av digitale læringsverktøy, spørjeundersøkingar, intervju, observasjonar og analyse av digitale spor. Gruppa har samarbeid med skolar, foreldre og teknologileverandørar, noko som gir moglegheiter for praksisorientert forsking og ei djupare forståing av feltet. Gruppa nyttar også designbasert forsking for utvikling av nye metodar for undervisning og læring både knytt til praksisfeltet og i samband med ReflectionStudio. 

Forskingsprosjekt

Samarbeidspartnarar

  • Aalborg universitet, Danmark
  • Austrian Institute for Family Studies (AIF), University of Vienna, Østerrike
  • COFACE Families Europe, Belgia
  • George Mason University, USA
  • Høgskolen i Østfold
  • Jagiellonian University, Kraków, Polen
  • Københavns Professionshøjskole, Danmark
  • Lifelong Learning platform (LLLP), Belgia
  • National and Kapodistrian University of Athens, Hellas
  • Panteion University, Hellas
  • Roehampton University, Storbritannia
  • Tallinn University, Estland
  • TÁRKI Social Research Institute, Ungarn
  • Tenk, skoleavdelingen til Faktisk.no
  • Universitat de Girona, Spania
  • Universitatea Babeș-Bolyai, Romania
  • Universitetet i Oslo
  • Universitetet i Sørøst-Norge
  • Universitetet i Helsinki, Finland
  • University of Leicester, Storbritannia
  • University of Limerick, Irland
  • University of Malta
  • Universitetet i Paderborn, Tyskland
  • Universitetet i Valencia, Spania
  • VIA University College, Danmark

Publikasjonar

2025

Engen, Bård Ketil ; McGarr, Oliver (2025). The Postdigital Divide. Postdigital Science and Education.

Frågåt, Thomas; Pajchel, Katarina ; Mifsud, Louise (2025). Applying Computational Thinking to Enhance Learning About Electricity: A Norwegian Case Study. Cakmakci, Gültekin; Tasar, Mehmet Fatih (Red.). Connecting Science Education with Cultural Heritage. s. 113-126. Springer.

Ludvigsen, Sten Runar; Arnseth, Hans Christian; Silseth, Kenneth; Steier, Rolf (2025). Collaborative science? Formalism and a unified language: Future directions for computer-supported collaborative learning. International Journal of Computer-Supported Collaborative Learning.

Pierroux, Palmyre; Steier, Rolf ; Shaby, Neta; Pattison, Scott; Peleg, Ran; Dillon, Justin; Ben-Zvi Assaraf, Orit (2025). Telling tales: The use of narratives in informal STEM settings. Research in Science & Technological Education.

Slattery, Darina M.; Cleary, Yvonne; Giæver, Tonje Hilde ; Engen, Bård Ketil (2025). Experimenting with a Multi-User Virtual Environment for Collaborative Online International Learning: A Case Study from Ireland and Norway. Nordic Journal of Comparative and International Education (NJCIE). Vol. 9.

Valle, Anne Marit; Pajchel, Katarina ; Hansén, Sven-Erik; Orset, Ann Karin; Holand, Anna Marie (2025). Teacher educators’ understanding of research-based teacher education. Educational Research.

2024

Aukland, Knut (2024). A methodological turn in RE. British Journal of Religious Education.

Beal, Charlotte; Steier, Rolf Erik Jorgenson (2024). Dialogues across time and space in a video-based collaborative learning environment. International Journal of Computer-Supported Collaborative Learning. Vol. 19.

Birgit, Eickelmann; Barbovschi, Monica; Holmarsdottir, Halla Bjørk ; Parsanoglou, Dimitris; Sisask, Merike; Labusch, Amelie (2024). Perspectives of children and young people on their education as preparation for their future in the digital age: In-depth qualitative study in five European countries.

Holmarsdottir, Halla Bjørk; Seland, Idunn; Hyggen, Christer; Roth, Maria (Red.). Understanding The Everyday Digital Lives of Children and Young People. Springer Nature.

Bussesund, Erik Straume ; McGarr, Oliver; Engen, Bård Ketil (2024). Teacher educators’ discursive enactment of professional digital competencies. Journal of Education Policy.

McGarr, Oliver; Engen, Bård Ketil (2024). Justifications for the study of computers on the curriculum: Neo-vocational ideology veiled in progressive educational discourse. 12 s. European Journal of Education.

Davidsen, Jacob; Steier, Rolf (2024). Near future practices of interaction analysis: technology-mediated trends in educational research. International Journal of Research & Method in Education.

Giæver, Tonje Hilde ; Stokke, Ruth Seierstad ; Røed, Dag Freddy (2024). Læreres oppfatninger om å skrive seg til lesing med digital lydstøtte (STL+). Nordic Journal of Digital Literacy. Vol. 10.

Gudmundsdottir, Greta Björk; Holmarsdottir, Halla Bjørk ; Mifsud, Louise ; Teidla-Kunitsõn, Gertha; Barbovschi, Monica; Sisask, Merike (2024). Talking about digital responsibility: children’s and young people’s voices. Holmarsdottir, Halla Bjørk; Seland, Idunn; Hyggen, Christer; Roth, Maria (Red.). Understanding The Everyday Digital Lives of Children and Young People. s. 379-431. Springer Nature.

Henriksen, Ellen Karoline ; Jegstad, Kirsti Marie ; Pajchel, Katarina ; Mestad, Idar; Eklund, Gunilla Brita Maria (2024). Fra forskningsfronten til klasserommet. Perspektiver på forskningsbasert lærerutdanning i naturfag. ISBN: 9788215069555. 351 s. Universitetsforlaget.

Holmarsdottir, Halla Bjørk ; Lafton, Tove ; Andreasen, Kristina Johnsdatter (2024). Children’s digital boundary crossings when moving in between porous ecosystems. Holmarsdottir, Halla Bjørk; Seland, Idunn; Hyggen, Christer; Roth, Maria (Red.). Understanding The Everyday Digital Lives of Children and Young People. Springer Nature.

Holmarsdottir, Halla Bjørk ; Seland, Idunn ; Hyggen, Christer (2024). How can we understand the everyday digital lives of children and young people?. Holmarsdottir, Halla Bjørk; Seland, Idunn; Hyggen, Christer; Roth, Maria (Red.). Understanding The Everyday Digital Lives of Children and Young People. Springer Nature.

Holmarsdottir, Halla Bjørk ; Seland, Idunn ; Hyggen, Christer ; Roth, Maria (2024). Understanding The Everyday Digital Lives of Children and Young People. ISBN: 978-3-031-46928-2. 350 s. Springer Nature.

Holmarsdottir, Halla Bjørk (2024). The digital divide: Understanding vulnerability and risk in children and young people’s everyday digital lives. Holmarsdottir, Halla Bjørk; Seland, Idunn; Hyggen, Christer; Roth, Maria (Red.). Understanding The Everyday Digital Lives of Children and Young People. Springer Nature.

Høiby, Torill; Jegstad, Kirsti Marie ; Pajchel, Katarina (2024). Faglige nettverk som utviklingsarena for naturfagundervisningen. Henriksen, Ellen Karoline; Jegstad, Kirsti Marie; Pajchel, Katarina; Mestad, Idar; Eklund, Gunilla Brita Maria (Red.). Fra forskningsfronten til klasserommet. Perspektiver på forskningsbasert lærerutdanning i naturfag. s. 283-303. Universitetsforlaget.

Johannesen, Monica ; Øgrim, Leikny ; Hatlevik, Ove Edvard (2024). Teachers’ Professional Digital Competence – The Neglected Management of Technology-rich Classrooms?. 17 s. Nordic Journal of Digital Literacy. Vol. 19.

Karlsen, Niklas; Aalbergsjø, Siv Gundrosen (2024). Programmering av simuleringer i naturfaglærerutdanningen. Henriksen, Ellen Karoline; Jegstad, Kirsti Marie; Pajchel, Katarina; Mestad, Idar; Eklund, Gunilla Brita Maria (Red.). Fra forskningsfronten til klasserommet. Perspektiver på forskningsbasert lærerutdanning i naturfag. s. 235-259. Universitetsforlaget.

Karlsen, Niklas; Henriksen, Ellen Karoline ; Pajchel, Katarina (2024). Programmering i naturfaglærerutdanningen: Lærerstudenters syn på egne kunnskaper og kompetansebehov. Henriksen, Ellen Karoline; Jegstad, Kirsti Marie; Pajchel, Katarina; Mestad, Idar; Eklund, Gunilla Brita Maria (Red.). Fra forskningsfronten til klasserommet. Perspektiver på forskningsbasert lærerutdanning i naturfag. Universitetsforlaget.

Karlsen, Niklas; Henriksen, Ellen Karoline ; Pajchel, Katarina (2024). Assessing Teachers’ Knowledge of How to Use Computer Programming in Science and Technology Education. 13 s. Journal of Science Education and Technology.

Kvia, Anne Siri ; Aukland, Knut (2024). What is reflexivity? A scoping review of reflexivity and related concepts in Religious Education. British Journal of Religious Education.

Labusch, Amelie; Eickelmann, Birgit; Casamassima, Gianna; Drossel, Kerstin; Gudmundsdottir, Greta Björk; Kazani, Aggeliki; Mifsud, Louise ; Symeonaki, Maria; Teidla-Kunitsõn, Gertha (2024). Children’s and young people’s ICT experiences in school education: Participatory research design to engage children and young people as experts in research. Holmarsdottir, Halla Bjørk; Seland, Idunn; Hyggen, Christer; Roth, Maria (Red.). Understanding The Everyday Digital Lives of Children and Young People. s. 143-165. Springer Nature.

Lafton, Tove ; Wilhelmsen, Janniche Elisabeth Broch ; Holmarsdottir, Halla Bjørk (2024). Parental mediation and children’s digital well-being in family life in Norway. Journal of Children and Media.

McGarr, Oliver; Engen, Bård Ketil (2024). Justifications for the study of computers on the curriculum: Neo-vocational ideology veiled in progressive educational discourse. 12 s. European Journal of Education.

Mørch, Anders ; Andersen, Renate ; Eie, Siv ; Mifsud, Louise (2024). Emergent group understanding: Investigating intersubjectivity in sociotechnical interdependencies. International Journal of Computer-Supported Collaborative Learning.

Nordby, Siri Krogh ; Mifsud, Louise ; Bjerke, Annette Hessen (2024). Computational thinking in primary mathematics classroom activities. Frontiers in Education. Vol. 9.

Pagano, Alessandro; Mørch, Anders ; Barletta, Vita Santa; Andersen, Renate (2024). AI for Humans and Humans for AI: Towards Cultures of Participation in the Digital Age with Human-Centered Artificial Intelligence. ID&A Interaction design & architecture(s).

Pajchel, Katarina ; Aalbergsjø, Siv Gundrosen ; Karlsen, Niklas; Henriksen, Ellen Karoline ; Sollid, Per Øyvind ; Swensen, Håkon ; Brevik, Birger (2024). BESt i naturfag: Bruke-Endre-Skape-tilnærmingen til programmeringskompetanse for naturfaglærerstudenter. Henriksen, Ellen Karoline; Jegstad, Kirsti Marie; Pajchel, Katarina; Mestad, Idar; Eklund, Gunilla Brita Maria (Red.). Fra forskningsfronten til klasserommet. Perspektiver på forskningsbasert lærerutdanning i naturfag. Universitetsforlaget.

Pajchel, Katarina ; Mifsud, Louise ; Frågåt, Thomas ; Rehder, Mads Middelboe; Juuti, Kalle; Bogar, Yurdagul; Lavonen, Jari; Schrøder, Vibeke; Aalbergsjø, Siv Gundrosen ; Rognes, Andre (2024). Sign of the Times An Analysis of Computational Thinking in Norwegian, Finnish and Danish Curricula. Nordic Journal of Comparative and International Education (NJCIE). Vol. 8.

Rustad, Mikkel Bertram ; Parsanoglou, Dimitris; Symeonaki, Maria; Mifsud, Louise ; Hyggen, Christer ; Ghetau, Cosmin (2024). ‘Of gaming and other demons’: Defining children and young people’s meaningful leisure activities in the digital era. Holmarsdottir, Halla Bjørk; Seland, Idunn; Hyggen, Christer; Roth, Maria (Red.). Understanding The Everyday Digital Lives of Children and Young People. Springer Nature.

Silseth, Kenneth; Steier, Rolf Erik Jorgenson ; Arnseth, Hans Christian (2024). Exploring students’ immersive VR experiences as resources for collaborative meaning making and learning. International Journal of Computer-Supported Collaborative Learning.

Sundtjønn, Trude ; Aalbergsjø, Siv Gundrosen ; Møller, Thilde Emilie; Schrøder, Vibeke (2024). Review on pedagogical practices for computational thinking in teacher education: Characterizing an emerging field. Nordic Journal of Comparative and International Education (NJCIE). Vol. 8:4.

Swensen, Håkon ; Sollid, Per Øyvind ; Pajchel, Katarina ; Brevik, Birger (2024). Unyttige roboter: Teknologi som inngang til programmering for naturfaglærerstudenter. Henriksen, Ellen Karoline; Jegstad, Kirsti Marie; Pajchel, Katarina; Mestad, Idar; Eklund, Gunilla Brita Maria (Red.). Fra forskningsfronten til klasserommet. Perspektiver på forskningsbasert lærerutdanning i naturfag. s. 209-234. Universitetsforlaget.

Symeonaki, Maria; Hyggen, Christer ; Parsanoglou, Dimitris; Mifsud, Louise ; Stamou, Giorgos (2024). Investigating Patterns of Digital Socialisation During Leisure Through Multimodal Social Research. Holmarsdottir, Halla Bjørk; Seland, Idunn; Hyggen, Christer; Roth, Maria (Red.). Understanding The Everyday Digital Lives of Children and Young People. Springer Nature.

U. S. R. Mohottige, Nisanka ; Andersen, Renate ; Bjerke, Annette Hessen (2024). Computational thinking in Norwegian teacher education: An analysis of mathematics and science course descriptions. 13 s. Nordic Journal of Digital Literacy. Vol. 19.

U. S. Rajapakse Mohottige, Nisanka ; Bjerke, Annette Hessen ; Andersen, Renate (2024). Teacher education as stakeholder: teacher educator perspectives on the integration of computational thinking into mathematics and science courses. Teachers and Teaching: theory and practice.

Ukkonen, Aino ; Yadav, Aman; Pajchel, Katarina ; Xenofontos, Constantinos (2024). Elementary Teachers Assessing Computational Thinking. Journal of Technology and Teacher Education (JTATE). Vol. 32.

Ukkonen, Aino ; Pajchel, Katarina ; Mifsud, Louise (2024). Teachers’ understanding of assessing computational thinking. Computer Science Education.

Aktuelt

Forskningsmidler til OsloMet (ansatt.oslomet.no)

Norges forskningsråd har tildelt 12 millioner kroner til prosjektet EMPOWERED, som skal utvikle innovative praksiser, metoder og verktøy som fremmer digital myndiggjøring i skole og lærerutdanning.

Illustrasjonsbilete av mann med laptop i parken
Juks eller hjelpemiddel? Webinarrekke om KI og formativ vurdering i skolen

Er du ungdomsskolelærar og ønsker å vite meir om bruk av KI i formativ vurdering? OsloMet gjennomførte ei webinarrekke for lærarar på 5.-10. trinn.

Foreldre må snakke mer om det positive ved skjermbruk

– Når barn og voksne snakker sammen om skjermbruk og spilling handler det ofte om regler om når, og hvor lenge, de kan være på skjerm. Ikke om hva de gjør.

To mørhårede 16-årige jenter ser sammen på mobiltelefon og smiler.
Media oppmuntrer til digital generasjonskonflikt

Media tegner et ganske skremmende bilde av barn og unges hverdagsliv på nett. Sånt kan det bli generasjonskonflikt av, mener forskere fra NOVA ved OsloMet.

Portrett Halla B. Holmarsdottir
– Vi vet for lite om barn og unges digitale hverdagsliv

Halla B. Holmarsdottir skal undersøke hvordan teknologi påvirker barn og unges liv.