Førestillingar om «familie» står sentralt i offentleg og politisk diskurs, og i velferdspolitikk og praksis, i Noreg og internasjonalt. Mykje av forskinga på tvers av fagområde ved Velferdsforskingsinstituttet NOVA inneber å tenkje på «familie», på tvers av ulike tema, inkludert velferdstenester, straffesystemet, livsløps- og generasjonsstudiar, bustad, migrasjon, barndom og ungdomstid.
Forskingsnettverket samlar perspektiv og kunnskap frå denne forskinga på tvers av seksjonar og fagdisiplinar ved NOVA.
Målet med forskingsnettverket er å skape ein arena for kritisk og kreativ refleksjon rundt familierelaterte tema ved å «tenkje saman» på tvers av fagdisiplinar og seksjonar. I 2023 har vi særleg fokus på metodologiske diskusjonar.
Nettverket er ope for alle forskarar ved NOVA. Vi møtest ein gong i månaden og byter på å presentere og foreslår felles litteratur. Vi deler og diskuterer utvikling av forsking i alle ledd – frå nye idear til diskusjon om pågåande arbeid – og utforskar moglegheiter for nye samarbeid og kollektive prosjekt om familierelaterte tema.
Nettverket blir koordinert av Monica Five Aarset, forskar ved Seksjon for barndom, familie og barnevern, og Janet Boddy, professor ved Child, Youth and Family Studies på Universitetet i Sussex (sussex.ac.uk) og og knytte til NOVA gjennom seksjonen.
Kontaktperson
-
Medlemmar