Viser: 118 av 118
-
Svenskane er ute til lunsj, medan nordmenn sver til matpakken
Matvanane i Noreg har endra seg overraskande lite dei siste 15 åra.
-
Fastlegen set heller nyttige enn rette diagnosar
Medan me pasientar trur det finst ein rett diagnose, er fastlegane opptekne av å finna diagnosar som gir heldige utfall.
-
Nærings- og offentleg sektor-ph.d.
Ønskjer du å ta ein doktorgrad medan du jobbar? Med ein nærings- eller offentleg sektor-ph.d. kan du ta doktorgrad ved OsloMet samtidig som du arbeider i ei bedrift eller ei offentleg verksemd.
-
Kvantemaskiner skaper trøbbel for finansnæringa
Medan tenestene til finansnæringa blir enklare og meir tilgjengelege for brukarane, blir tryggleiken forverra. Kunstig intelligens og utviklinga til kvanteteknologien er to av dei nye trugsmåla mot informasjonstryggleiken.
-
Forskar: – Skuffande kvalitet i norske barnehagar
England har auka barnehagekvaliteten, Noreg ligg på den nedre delen av skalaen, viser ny OsloMet-studie.
-
Behandling med kjemoterapi for kreft og innverknad på høyrsel, lukt og kognisjon (CanHear)
I dette ph.d.-prosjektet undersøkjer vi korleis to ulike typar kjemoterapi kan påverke sansar som lukt og høyrsel, og dessutan kognitive funksjonar hos personar som blir behandla for kreft.
-
– Medisinsk nødmeldeteneste har vorte endå viktigare
Dei medisinske nødmeldetenestene speler ei nøkkelrolle for å sikre livreddande behandling og gode pasientforløp utanfor sjukehus i Noreg. Studiet tek du ved OsloMet.
-
Barnehagelærarutdanninga sine historiske samlingar
Institutt for barnehagelærarutdanning har tre historiske samlingar: Leikesamlinga, Eva Balke-samlinga og Unni Bleken-samlinga.
-
KI-stemmer kan lure mange podkast-lyttarar
Dei fleste greidde å skilje mellom menneskelege og KI-genererte stemmer i podkastar i eit forsøk. Men mange tok også feil, og i eitt tilfelle trudde over halvparten at ein KI-podkast var laga med menneskestemmer.
-
Meiner småbarn har godt av litt lekeslåssing
Det er leik som er bra for barna, sjølv om det kan enda med gråt, meiner forskar.
-
Fødselsopplevingar og amming hos kvinner med polycystisk ovariesyndrom (PCOS)
Det overordna målet til dette prosjektet er å utforska fødselsopplevingar og ammemønster hos kvinner med PCOS.
-
Busetjing av personar utanfor mottak under flyktningstraumen frå Ukraina (PRIVATBO)
Under flyktningstraumen frå Ukraina frå 2022 og framover auka talet på flyktningar som har opphalde seg utanfor mottak før busetjing betrakteleg samanlikna med tidlegare år.
-
Asker kommune
Asker kommune samarbeider med OsloMet om auka og målretta bruk av forskingsbasert kunnskap i tenesteutvikling og innovasjonsarbeid.
-
Slik påverkar barnehagebygga barna
Førstelektor Randi Evenstad meiner at barnehageutbyggjarar og pedagogar må ta på alvor at det er oppvekstmiljø for barn dei skal skapa.
-
Ung i Distrikts-Norge
Dette prosjektet undersøkjer korleis ungdomslivet fortonar seg i dei minst sentrale områda i Norge.
-
Korleis få unge med psykiske helseproblem i jobb?
Forskarar ved OsloMet har sett på kva det er som kjenneteiknar arbeidsgivarar som lykkast i å tilsetje unge med psykiske helseproblem.
-
Sikkerheitsorganisasjonen ved OsloMet
OsloMet sine verdiar er liv og helse, informasjon og informasjonssystem, materiell og objekt.
-
Korleis møter barnevernet minoritetsjenter utsett for vald og sterk kontroll?
Klarer barnevernet å hjelpa unge minoritetsjenter som opplever sterk sosial kontroll og vald heime?
-
Nordmenn er på plastposetoppen i Europa
Handlevanane våre gjer at vi reduserer plastposebruken i saktare tempo enn våre naboar.
-
Skuleopptak med karakterar skaper mest ulikskap
Er loddtrekking beste metode for å gi elevar plass på vidaregåande skule i Oslo? No har forskarar testa fem ulike modellar for inntak i Oslo.
-
Doktorar og æresdoktorar kreert
OsloMet heidra tre nye æresdoktorar, og dei 39 kandidatane som har avlagt doktorgrad det siste halve året.
-
Internett jamnar ut forskjellar mellom ungdommar
Ungdom med funksjonsnedsetjing meistrar den digitale kvardagen sin på lik linje med andre ungdommar.
-
Kvifor får eg akkurat denne reklamen?
Lyttar mobilen til samtalane våre og sender oss reklame basert på kven vi er? Det er mykje vi ikkje veit om reklamepresset i digitale medium, og forskarane er bekymra.
-
Unge hasjbrukarar slit på fleire område
Ungdata-tala for 2018 viser at cannabisbruken aukar i heile landet.
-
Ingeniør og helsefag i eitt
Når du har laga eit hjelpemiddel som du ser forbetrar livet til eit anna menneske – då har du ein givande dag på jobb.
-
Nesten halvparten seier dei ikkje har nok mat på asylmottak
Studie frå OsloMet viser at 44 prosent av asylsøkjarar i norske mottak opplever å vera svoltne.
-
IPIC-studien
Effekten av eit tverrprofesjonelt læringsprogram på brukarmedverknad blant eldre personar i korttidsrehabilitering: Ein kvasi-eksperimentell studie.
-
Barnevernstilsette manglar verktøy i møte med ungdom og rus
Fleire ungdommar i barnevernsinstitusjonar i Oslo slit med rus, men dei tilsette manglar ein tydeleg og systematisk måte å følgja dei opp på.
-
Slik prioriterer sjukepleiarane på venterommet til legevakta
Sjukepleiarane som tek imot pasientane på venterommet bruker vel så mykje skjønn som system.
-
Stadig fleire feirar halloween
Oppslutninga rundt halloween har dobla seg på få år. 31. oktober har vorte ein viktig merkedag i Noreg.
-
– Danskane fullfører oftare enn nordmenn
Forsking viser at det er betrakteleg fleire som fullfører høgare utdanning i Danmark enn i Noreg.
-
Formidlingsprisvinnar: – Eg har aldri vore flink, men eg er kreativ
Ingun Grimstad Klepp er professor og har sterk dysleksi. Ho meiner at det er evna til å finne eigne løysingar som har ført henne dit ho er i dag.
-
Pris for beste bacheloroppgåve i vatn og miljø
Byggingeniørstudentane Elin Nordskaug, Marie Otneim Forshaug, Lovise Mulstrand Nyhagen og Gerd Une Fjerdingstad får pris for oppgåva «Kampen om plassen – over og under bakken».
-
Sjå NIBR på hovudprogrammet til Arendalsuka
Snart 100.000 ukrainske flyktningar i Noreg. Er hjarterommet i ferd med å bli fullt?
-
Lettlestbøker får dyslektikarar til å føle seg dumme
Lettlestbøker skal gjere lesing meir tilgjengeleg for vaksne med lesevanskar, men ny forsking syner at bøkene ikkje alltid treff.
-
Vi vil velje naboane sjølv
Særleg gjeld det høginntektsgrupper, viser ein studie utført ved OsloMet.
-
Lesekrise eller leseboom?
Norske elevar har aldri vore dårlegare til å lese, men samtidig snakkar mange om ein leseboom inspirert av BookTok. Kan begge delar vere sant samtidig?
-
Unge forskarar som gjev premissar for forskingspolitikken i framtida
Akademiet for yngre forskarar har i ti år vore ei viktig stemme for unge forskarar i Noreg. Her deler fire OsloMet-forskarar kva akademiet har hatt å seie for dei.
-
Stadig fleire vel OsloMet
Fleire søker seg til helseutdanningar og ingeniørfag på OsloMet, viser årets tal frå Samordna opptak. Også lærarutdanningane viser ein positiv tendens.
-
Utvandring blant etterkommarar av innvandrarar
Kva får unge vaksne med innvandrarbakgrunn til å forlate Noreg?
-
Ung og aktiv – meiningsfylt fysisk aktivitet for å betra fysisk form og auka helserelatert livskvalitet
Bidreg nettbasert aktivitets- og treningsregistrering og rettleiing til at ungdom med overvekt og fedme blir meir aktive og får betre form og livskvalitet?
-
Norske forbrukarar skil seg ut i matbutikken
Vi er dårlegast i Europa på å kjøpe lokal og økologisk mat, viser ein ny studie.
-
Olja kan sinka det grøne skiftet i Vestland i fleire år. Korleis skal dei løysa det?
Vestland er det største fylket i landet målt i eksportverdi og klimagassutslepp. Det har store verdiar – og store utfordringar. Forskarar frå NIBR på OsloMet har samarbeidd med aktørar i fylket for å sjå på korleis dei kan møta utfordringane.
-
Skeive i Noreg er mykje meir utsette for vald og hatytringar enn heterofile
Skeive i Noreg er mykje meir utsette for vald, seksuell vald, hatkriminalitet og hatefulle ytringar enn heterofile nordmenn. Det viser Nasjonal tryggleiksundersøking 2022.
-
Har ungdommen eigentleg reell innverknad i kommunen?
Norske kommunar og fylkeskommunar er pålagde å gi ungdom ei stemme i lokalpolitikken og i planprosessane. Men har ungdomsråd eigentleg reell politisk innverknad?
-
Nytt prosjekt med forfriskande endring i perspektivet på natur og berekraft
Prosjektet GREEN BLOOD: Undressing hierarchies to reduce pressure on land through Forest Finn perspectives vil gi innsikt i forholdet vårt til naturen gjennom kulturen til skogfinnane, ein av våre nasjonale minoritetar.
-
AFI bidreg med arbeidslivsekspertise i nytt EØS-fond
– Etter eit vellykka oppstartsmøte i sommar er vi i full gang med arbeidet med å lyse ut midlar til prosjekt som skal styrkje partssamarbeid og anstendig arbeid, fortel Tereza Østbø Kuldova ved AFI.
-
Spelteknologi på ergoterapi-utdanninga
Studentane på bachelorstudiet i ergoterapi lærer å bruke VR (virtual reality) og spelteknologi for å kunne bruke denne teknologien i rehabilitering med pasientar.
-
Maryam hjelper Ruter å utforske kvanteteknologi
Kollektivselskapet Ruter vil gjerne vere føre i teknologiutviklinga, og tilsette ein nyutdanna masterkandidat for å utforske kvanteteknologi.
-
Korleis møte eldrebølgja?
OsloMet sine forskarar kjem med sine beste forslag til kva som bør gjerast for å unngå krise i eldreomsorga.
-
Skal avdekke mørketal om kor utsette folk er for lovbrot
NOVA-forskar Mette Løvgren ved OsloMet skal leie arbeidet med dei årlege nasjonale tryggleiksundersøkingane dei neste fire åra. Målet er å få fram kunnskap om kor utsett befolkninga er for lovbrot i Noreg.
-
Skal samle inn nye data om vaksenliv og alderdom
Våren 2024 blir det samla inn surveydata for fjerde gong til Den norske studien av livsløp, aldring og generasjon (NorLAG).
-
Korleis måle avgangsalder med NorLAG-data?
Det er mange måtar å måle avgangsalder på, og kva metode som blir brukt, kan få konsekvensar for forskingsresultata.
-
Medarbeidarar som gjer ein dårleg jobb, blir oftare mobba av sjefen
Dei audmjukar og latterleggjer sine tilsette. Risikoen for å bli mobba er større for dei som har ein dårleg relasjon til sjefen.
-
Rutinar for kvalitetssikring av NOVAs rapportar
Alle rapportene NOVA gir ut blir kvalitetssikra.
-
To nye universitetsbarnehagar på plass
Samarbeidet med OsloMet gjer barnehagar, studentar og barnehagelærarutdanninga betre.
-
IQT Nordics til OsloMet: Rekordmange påmelde til kvantekonferanse
I juni 2026 blir kvantekonferansen IQT Nordics arrangert for første gong på OsloMet. Med ei storslegen opning ved statsråd Sigrun Aasland blir konferansen det første møtepunktet mellom norske og internasjonale kvantesenter.
-
OsloMet-professor med i redaksjonsrådet for leiande HCI-tidsskrift
Professor Frode Eika Sandnes er teken med i redaksjonsrådet i «Interacting with Computers», eit internasjonalt vitskapleg tidsskrift innan menneske–maskin-interaksjon (HCI).
-
Difor har ungdom vorte mindre valdelege
Valdsbruken blant ungdom er halvert dei siste åra.
-
Éin av tre nordmenn har vore utsette for lovbrot
Talet til politiet viser at under fem prosent har opplevd lovbrot, men ein ny rapport frå OsloMet viser at dei reelle tala er langt høgare.
-
Mister, gløymer og øydelegg: så mykje kostar det ekstra å ha barn med ADHD
For første gong i Noreg finnast ein studie som viser dei faktiske kostnadane som følgjer med diagnosen. Forskarane peikar på svakheiter i stønadsordninga.
-
OsloMet med fem nærings-ph.d.-ar innan augeforsking
Fem ph.d.-kandidatar er i gang med augehelseforsking med bidrag frå private augeklinikkar. Kompetanse innan kunstig intelligens og maskinlæring var viktig då OsloMet vart valt som akademisk samarbeidspartnar.
-
Tildeling av såkornmidlar utsett
På grunn av mange søknader om såkornmidlar frå OsloMets satsing på barn og unge, er tildelinga utsett til 16. desember.
-
Samarbeider om betre livskvalitet for sjuke barn
– Samarbeidet med OsloMet har gitt oss eit ekstra løft og har bidratt til å drive arbeidet framover, seier barnekoordinator Ole Petter Berg frå Bydel Søndre Nordstrand.
-
OsloMet er med i tre nye kvantesenter
Regjeringa investerer 244 millionar kroner i fire nye forskingssenter for kvanteteknologi, der OsloMet er knytt til tre av dei.
-
Brukar meir ressursar på pasientar med høg utdanning
Alvorleg sjuke pasientar med høg utdanning får meir hjelp ved norske sjukehus enn pasientar med låg utdanning.
-
Mindre framtidsoptimisme blant ungdom
Norske ungdomar er meir involvert i problemåtferd og trua på framtida har blitt svekka.
-
Bør lærarstudentar oppmodast til å dra på utveksling?
Det er krevjande å få til gode utanlandsopphald for lærarstudentar. Kan andre former for internasjonalisering vera meir verdifullt?
-
Slik kan du avsløre falske nyheiter
Falske nyheiter kan føre med seg konfliktar, svindel og påverknad av demokratiet. Her får du vite meir om kva du kan gjere for å avsløre dei.
-
Kva skjer med demokratiet i krig?
Eit nytt OsloMet-prosjekt, leia av forskarar ved NIBR, har fått satsingsmidlar til å undersøkje korleis demokratiet blir påverka av krig og av ein framtidig gjenoppbyggingsfase i Ukraina.
-
Skulen har mykje å seia for ungdoms alkoholbruk
Alkoholforbruket er høgast på dei skulane i Oslo der russetida står sterkt og der mange av elevane har foreldre med høg utdanning og inntekt.
-
Kor godt vernar velferdsstaten oss i dyrtida?
Forskarar har samanlikna korleis velferdsstatane i Noreg og Storbritannia har handtert prisveksten.
-
Dei fleste barn og unge kom seg godt gjennom pandemien – men ulikskapane auka
Ny forsking frå OsloMet viser at dei fleste barn, unge og familiar kom seg relativt godt gjennom koronapandemien. Samstundes blei skilnadene større for unge i sårbare situasjonar.
-
Malin si masteroppgåve er ei gåvepakke til lærarar
Som ein del av masteroppgåva si, laga Malin Kathrine Vik eit ressurshefte spekka med dramapedagogiske opplegg.
-
Vindauge mot framtidas byar
– Når vi ser korleis berekraftige byar kan byggast med smarte transportløysingar, føler vi at vi er med på å forme framtida.
-
Fekk pris for forsking på kjensler i NAVs digitale førstelinje
NAV-rettleiarane i undersøkinga fortel om ein risiko for at ein arbeider med ei sak framfor eit menneske, fortel forskar.
-
Engasjerte forskarspirer på Holmlia
OsloMet arrangerte forskartorg for elevar i Søndre Nordstrand bydel, som ein del av dei nasjonale forskingsdagane.
-
Nytt prosjekt om aldring og integrering
Talet på eldre innvandrarar i Noreg vil tredoblast dei neste 25 åra. NIBR undersøker korleis vi kan sikre god integrering og ei verdig alderdom for denne gruppa.
-
Arbeidsløyse er skadeleg for helsa – uansett
Arbeidsløyse er ei openberr helsebelastning, uavhengig av kor høg eller låg arbeidsløysa er i eit land.
-
– Lektorane har mista status i samfunnet
I dei aller fleste samfunn er skule og lærarar sentrale, men noko har skjedd med statusen til lektorane.
-
Tett oppfølging frå begge foreldra kan førebyggje psykiske problem i vaksen alder
Sosiale forhold i oppveksten heng saman med psykisk helse og trivsel langt inn i vaksenlivet, viser ein unik norsk studie. Støtta og involveringa frå foreldra kan forklare noko av forskjellen i ungdomsåra.
-
Psykologiske testar bestemde unges utdanningsval
Psykologisk testing har historisk vore ein viktigare del av psykologyrket enn det blir gitt inntrykk av, ifølgje ei doktorgrad.
-
Byggjer ei karbonnøytral framtid
– Å redusere karbonavtrykket i byggjeindustrien er ei global utfordring som krev internasjonalt samarbeid og felles standardar, seier professor Mahdi Kioumarsi.
-
Denne behandlinga gav mindre smerter og betre mental helse
Pasientar fekk eit betre liv med psykomotorisk fysioterapi.
-
Masteren gir fagleg tyngde til lærarrolla
– Masteren i estetiske fag, studieretning fagdidaktikk: kunst og design, gir relevant tyngde til utdanninga mi, og ikkje minst til min framtidige lærarrolle, seier Silje.
-
Vil gjere det lettare for alle å bruke datateknologi
Når Anna gjer informasjon om sunn mat tilgjengeleg for matprodusentar, lærer ho òg korleis IKT lettare kan brukast av folk flest.
-
Barnevernsansatte opplever et sterkt krysspress
Bok gir innblikk i barnevernsansattes hverdag.
-
Kvinner har gjort country stuereint
Countrymusikk har fått høgare status i Noreg.
-
Handlenett gir meir miljøvennleg mathandel
Det finst minst 27 millionar handlenett i norske hushald. Kan handlenetta hjelpe oss å redusere bruken av plastposar?
-
Sterk auke i langvakter
Det har vore ein kraftig auke i bruk av langvakter i kommunal helse og omsorg sidan 2010, men me veit for lite om helseeffektane. Dette er det nødvendig å undersøkja, seier forskingsleiar.
-
Borgarlønnstiltak var like (in)effektive som dei tradisjonelle tiltaka for å få folk i arbeid
To eksperiment viste at å gi stønad utan å krevje noko tilbake fungerte like godt som dagens system.
-
Fire grunnar for å avvikle partnarskapet i Nav
Kronikk: Partnerskapen kompliserer unødvendig og bør difor avviklast, skriv Lars Inge Terum som svar til Knut Fossestøl.
-
Ukraina-forsking på NIBR får pris!
OsloMet sin Formidlingspris går i år til Ukraina-forskinga på NIBR.
-
Ny bok vil avmystifisere intervjuet som metode
Eit intervju kan likne ein vennskapeleg samtale, seier forfattarane Bengt Andersen og Joar Skrede.
-
Litteratur som krisehjelp
Kan livet ditt forandra seg gjennom å lesa skjønnlitteratur?
-
Koordinatorar for familiar med funksjonshemma barn: Strevar med for lite tid og utydelege oppgåver
Dette gjer det vanskeleg å støtta familiane godt.
-
Ho trudde dei var på ferietur. Så konfiskerte ektemannen passa til henne og barna
Vald i nære relasjonar stoppar ikkje ved landegrenser. Valdsutøvarar kan bruke familiens tilknyting til utlandet til å truge og presse familiemedlemmer.
-
Slik kan norske bruer få langt lågare klimaavtrykk
Ved å kombinere lågkarbonbetong med kunstig intelligens kan vi redusere klimaavtrykket frå bruer betydeleg.
-
Framtidas helse- og omsorgstenester: frå å forstå sjukdom til å transformere tenester
Innen 2050 vil éin av seks vere eldre, samtidig som helse- og omsorgstenestene vil møte ei aukande byrde av kroniske sjukdomar utan ein tilsvarande auke i finansiering.
-
Stort innovasjonspotensiale ved OsloMet
Tolv forskingsprosjekt ved OsloMet har fått finansiering frå Intelligent helse. Det prosjekta har til felles er koplinga helse og teknologi.
-
Nytt rekordopptak ved OsloMet
OsloMet har nok eit år rekordhøgt tal på studentar som har fått studieplass ved universitetet. Sjukepleie er framleis den mest populære utdanninga.
-
Vil gjera 5G sikkert
OsloMet-forskarar vil utvikla ein prototype av 5G, der nettet kan delast opp for å gi betre tryggleik.
-
Ti forskingsprosjekt for grøn omstilling
Ti nye forskingsprosjekt har fått tildelt midlar frå OsloMet si tematiske satsing på grøn omstilling.
-
Kvinna bak dei ikoniske lilla skjerfa
Du har sikkert høyrt uttrykket “lilla skjerf og fotformsko”. Det ikoniske skjerfet, med frynser og glødande farger, var eit sterkt politisk symbol på 1960 og 70-talet. No kjem boka om Sigrun Berg, kvinna som designa skjerfet.
-
Nye æresdoktorar løftar fram kampen for sanning og demokrati
Britta Marakatt-Labba og Maria Ressa viser korleis både kunst og journalistikk er viktige verktøy for sannhet, ytringsfridom og eit slitesterkt demokrati.
-
Nye forskingsmetodar avslører ulovleg reklame til barn
Norske barn blir bombarderte av reklame for alkohol, pengespel og kosmetiske behandlingar i sosiale medium.
-
Ei krevjande eldre-reform
«Leve heile livet» er reforma som på fem år skulle gjera kommunetilbodet til eldre likare og betre, men framleis er det store variasjonar i kvaliteten mellom kommunane.
-
Kven skal bestemme når legen og pasienten er ueinige?
– Det er heilt klart situasjonar der eg no meiner det er riktig at legen overtaler eller overtyder pasienten, seier Anniken Fleisje. Ho har forska på etiske dilemma i kommunikasjonen mellom lege og pasient.
-
Utdanning som motstandskamp i Gaza
Midt i den forferdelege krigen i Gaza har unge palestinarar risikert livet for å logge seg på nett og skaffe seg ei utdanning. For mange gir krigen i seg sjølv motivasjon til å lære.
-
Styrkar forskarnettverk mellom Noreg og Ukraina
By- og regionforskningsinstituttet NIBR ved OsloMet har fått støtte frå Noregs forskingsråd til å styrkja forskingssamarbeidet mellom Noreg og Ukraina.
-
Storsatsinga på berekraftig energi er opna
OsloMet har teke eit steg mot ei grønare framtid med opninga av «Green Energy Lab» – ei ny tverrfagleg plattform for forsking, innovasjon og utdanning innan berekraftig energiteknologi.
-
Individuell jobbstøtte og dei konkurrerande logikkane
Kronikk: Norske myndigheiter risikerer å undergrave effekten av Individuell jobbstøtte (IPS).
-
Rutinebeskriving og årshjul for kvalitetssikring ved Institutt for grunnskule- og faglærarutdanning (GFU)
Kvalitetssikringssystemet er vedteke av leiargruppa til instituttet 12. desember 2013. I januar 2022 er rutinane gått gjennom og oppdaterte av instituttleiar og instituttleiarstøtte.
-
Forskingsprisar utdelte på Fakultetet for helsevitskap
Årets forskingspris, årets kunnskapsoppsummering og årets originalartikkel er delt ut på HV.
-
Leikesamlinga
I leikesamlinga finn du 2500 gjenstandar. Dette er ei historisk samling som starta i 1975, og samlinga kan man sjå rundt omkring på OsloMet Campus Pilestredet.
-
Derfor bør du vite meir om kvanteverda
Kvanterevolusjonen kan endre verda. Vidareutdanninga «Introduksjon til kvanteverda for nyfikne» gjev deg innsikt i korleis verda er skrudd saman, og korleis kvantedatamaskiner kan revolusjonere databehandling.
-
Strategisk handlingsplan for Fakultet for teknologi, kunst og design, 2025-2029
Fakultetet sin strategiske handlingsplan byggjer på OsloMet sin universitetsstrategi og delstrategiar.
-
Møt nokre av stipendiatane ved SPS
Lurer du på kva dei nye stipendiatane forskar på? Eller kva dei gjer når dei ikkje forskar? Og kva syns dei eigentleg om å jobbe ved SPS?